Informasjonsbrev veke 21/2023
- Matgledekorps 2023
- Hoppid nettverkssamling 6. - 7. juni i Ørsta - påmeldingsfrist no!
- Miniseminar om landbruksbasert biogass 2. juni - påmeldingsfrist no!
- Årets Lokalmatgründer 2023
- Rundskriv - Regionale miljøtilskot i jordbruket for 2023 (RMP)
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fått midlar til Matgledeprosjekt også i år. Kommunar og institusjonar som er interessert i å setje fokus på mat og ernæring vert oppfordra til å søke om å vere vertskap for eit av tre Matglede-arbeidsseminar som skal gjennomførast til hausten tre stader i fylket.
Frist for å søke om å vere vertskap: 30. mai.
Meir info finn du her: Matgledekorpset på ny turne i Møre og Romsdal | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) Ta gjerne kontakt om du har spørsmål!
Det er også laga ein videosnutt som er lagt ut på Statsforvaltaren si Facebookside, som er lett å dele: https://fb.watch/kIaFPCrAj4/ Og lik gjerne FB-sida vår for å få med deg kva som skjer hos Statsforvaltaren.
Kontaktperson: Marie Teigland
Hoppid nettverkssamling 6. - 7. juni i Ørsta - påmeldingsfrist no!
Statsforvaltaren, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge inviterer til nettverkssamling 6. - 7. juni for Hoppid kontaktar og andre som jobbar med næringsutvikling i kommunen. Eit spennande program, der vi mellom tysdag 6. juni skal få inspirasjonshistorier om næringsutvikling og bedriftsnettverk innan reiseliv/landbruk.
Frist for påmelding: snarast og seinast 25. mai.
Pris for heile samlinga frå 6.-7. juni inkl. middag og overnatting kroner 1 500. Vi bookar overnatting.
Avbod vert belasta med eit «ikkje møtt» honorar på kroner 1 500.
Påmelding og informasjon om allergiar til may.britt.roald@mrfylke.no , tlf. 466 96 382.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Miniseminar om landbruksbasert biogass 2. juni - påmeldingsfrist no!
Statsforvaltaren ser behovet for å kommunisere betre med kommunane kring regelverk og kunnskap om kva eit landbruksbasert biogassanlegg er, og kva som bør inngå i svar til søknad om utsleppsløyve.
Vi inviterer difor til eit miniseminar fredag 2. juni kl 10 – 11.30 på Fylkeshuset i Molde.
Etter møtet og lunsj er vi invitert til Morten og Martin Toreli i Hustadvika for ei omvising på deira nye biogassanlegg, driven på husdyrgjødsel, meieri-, og fiskeslam, for straumproduksjon.
Agenda:
kl 10 Velkomen
Teknisk om Biogass, moglegheiter, krav og utvikling innan sektoren Ingvar Kvande - NORSØK
Forventningar til svar frå kommunane, omfang i M&R Christian Dahl - miljøvernavd, SF
1130 Lunsj
kl 1215 Avreise til Hustadvika
kl 1400 Avslutning
Fagdelen før lunsj kan følgjast på Teams for dei som ikkje ser seg råd å ta turen.
Oppmodar om at invitasjonen spreiast internt i kommunen. Landbruk og byggesak er viktige målgrupper.
Påmelding på mail seinast 25. mai til Åsmund Asper, fmmrasas@statsforvalteren.no
Kontaktperson: Åsmund Asper
Skal kårast i regi av Hanen og vil gjerne ha nominasjonar. Gjer stas på ein av våre dyktige lokalmatprodusentar ved å sende inn ein nominasjon. Det kan bety mykje no i desse tider! Meir informasjon om kåringa her Nominasjonen gjerast enkelt ved å fylle ut skjema her.
Kontaktperson: Marie Teigland
Rundskriv - Regionale miljøtilskot i jordbruket for 2023 (RMP)
På heimesida til Statsforvaltaren finn du rundskrivet (2023-1 RMP).
Dette gjev ein meir utfyllande informasjon om vilkåra og dei ulike tiltaka.
Kontaktperson: Andreas Aarset