Informasjonsbrev veke 02/2025

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Webinar på særlovsområdet 
  • Ynskjer forslag på kandidatar til landbruket sin Inspirasjonspris – Frist 15. januar 2025 
Publisert 08.01.2025

Webinar på særlovsområdet 

Den årlege særlovssamlinga for jordbrukstilsette vert i 2025 erstatta med fleire webinar.  

Første webinar vert 29. januar, med hovedfokus på oppfølging av landbrukseigedom i dødsbu.  

Den 12. og 13. februar vil nytilsette og andre interesserte kunne delta på grunnleggjande kurs i jordlov- og konsesjonslov.  

I første halvdel av april vil hovudtema for nytt webinar vere gjenomgang av saker frå Landbruksdirektoratet og forholdet mellom jordlova og plan- og bygningslova.  

I siste halvdel av oktober vil hovudtema for årets siste særlovswebinar vere nydyrking.  

Det vert sendt ut innkalling til alle jordbrukstilsette i kommunane via Outlook.  

Kontaktperson: Gunvor Fossholt Ytterstad  

 

Ynskjer forslag på kandidatar til landbruket sin Inspirasjonspris – Frist 15. januar 2025 

Møre og Romsdal Landbruksselskap deler årleg ut ein pris for å heidre folk i landbruket som har gjort ein spesiell innsats for å fremje næringa. Det kan vere ein gardbrukar, ein familie eller eit fellestiltak. Vinnaren får eit kunstverk og 10.000 kroner. Prisen skal overrekkast på Landbrukskonferansen i Molde 7. mars.  

Forslag på kandidatar sendast til per.nakken@statsforvalteren.no innan 15. januar.  

Meir informasjon om Inspirasjonsprisen finn du her: Vi vil heidre gode gardbrukarar | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)  

Del gjerne 😊    

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger