Informasjonsbrev veke 23/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Ingen utbetalingar i veke 29 og 30
  • Ny versjon av ØKS 
  • Nytt Gårdskart aktuelt

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.06.2023

Ingen utbetalingar i veke 29 og 30. 

Landbruksdirektoratet melder at det ikkje vert køyrt utbetalingar

i vekene 29 og 30 pga ferieavvikling. 

Kontaktpersonar: Marianne Aas Halse og Odd Løset 

 

Ny versjon av ØKS 

Den nye versjonen er nå ute. Den inneheld dei varsla endringane i høve innføring av godkjennar-rolla i ØKS.   

Du finn veiledaren for godkjenning på Landbruksdirektoratet si heimeside: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/forvaltning/fagomrader/skogbruk/godkjenning-av-vedtak-oks 

I ny versjon er det og utvikla eit nytt skjema for registrering av NMSK-kontroll i bildet for tilvising av skogfond. Løysinga for å registrere kontrollen i SKART er straks på plass, men ikkje heilt klar endå, og vi oppmodar derfor brukarar om å ikkje trykkje på «Registrer i SKART» før vi melder at dette er klart. Inntil vidare må kontrollen registrerast i ØKS ved å trykke på «Registrer i ØKS. 

Kontaktperson: Åslaug Røberg 

  

Nytt Gårdskart aktuelt 

NIBIO har lagt ut nytt Gårdskart aktuelt 3/2023 på sine nettsider. 

Her kan ein mellom anna lese om: 

  • AR5 er klar for oppdatering igjen 
  • Kurs i AR5web 14. juni 
  • AR5 feltkurs 
  • Lenker og tips for klassifisering av AR5 i felt 
  • Ny struktur på AR5-sidene –> nye adresser 
  • Frister for oppdatering av AR5 i august 

Kontaktperson: Odd Løset