Informasjonsbrev veke 25/2023
- Påminning- Hugs innsending av strategiar for SMIL og tiltak i beiteområde innan 1. juli
- Påminning - Hugs innsending av kontrollplanar for produksjonstilskot og avløysartilskot (PT), og regionalt miljøtilskot (RMP) innan 1. juli
- Auka tilskot til drenering frå 1. juli 2023
- Høyring av revidert forvaltningsplan for rovvilt i region 6 Midt-Norge
- Gründerhjelparane i Hoppid.no på nettverkssamling
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Påminning- Hugs innsending av strategiar for SMIL og tiltak i beiteområde innan 1. juli
Vi viser til brev, datert 12.01, med varsel om forvaltningskontroll for 2023. Kontrollen gjeld dokumentkontroll av kommunen sine lokale retningsliner for tilskotsordningane spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og tiltak i beiteområde.
Kommunane må oversende retningslinene til Statsforvalteren innan 1. juli 2023. Oversendinga skal vere merka med saksnummer: 2023/314
Kontaktpersonar: Ragnhild Naug Aas eller Marianne Aas Halse
Påminning - Hugs innsending av kontrollplanar for produksjonstilskot og avløysartilskot (PT), og regionalt miljøtilskot (RMP) innan 1. juli
Vi viser til brev, datert 12.01, med varsel om forvaltningskontroll for 2023. Kontrollen gjeld dokumentkontroll av kommunen sin kontrollplanar for produksjonstilskot og avløsertilskudd (PT), og regionalt miljøtilskot (RMP).
Kommunen må oversende kontrollplanane til Statsforvalteren innan 1. juli 2023. Oversendinga skal vere merka med saksnummer: 2023/315
Kontaktpersonar: Per Eldar Nakken eller Andreas Aarset
Auka tilskot til drenering frå 1. juli 2023
I årets jordbruksforhandlingar blei partane einige om å auke tilskotssatsane til drenering frå 1. juli 2023. Nye satsar gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli.
Dei nye satsane er 4 000 kroner per dekar og 61 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 4 000 kroner per dekar rørt areal.
I fylket har vi mykje midler til disposisjon. Kommunane kan melde inn ekstra behov fortløpande.
Les meir her
Kontaktperson: Ragnhild Naug Aas
Høyring av revidert forvaltningsplan for rovvilt i region 6 Midt-Norge
Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge har sendt utkast til revidert forvaltningsplan for rovvilt ut på offentleg høyring. Høyringsfrist er 10. september 2023.
Det er opent høyringsmøte på Åndalsnes 27. Juni kl. 10.00 - 13.00, på Grand Hotel. Påmelding innan onsdag den 21. juni 2023 til marianne.halse@statsforvaltaren.no
Les meir her
Kontaktperson: Marianne Aas Halse
Gründerhjelparane i Hoppid.no på nettverkssamling
I Fylkesstrategi landbruk for Møre og Romsdal 2023 – 2026 er eit av resultatmåla å få fram fleire og betre forretningsidéar, med gardsbruket som utgangspunkt og nye marknadar som mål. Her er gründerhjelpa Hoppid.no sentrale aktørar. Nyleg var rådgjevarar i Hoppid.no og landbruksrådgjevarar samla til nettverkssamling i Ørsta. Les meir om Hoppid.no og nettverkssamlinga her.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger