Informasjonsbrev veke 26/2023
- Miniseminar om Landbruksbasert Biogass
- Statistikk og utvalde nøkkeltal om jord- og skogbruket i Møre og Romsdal
- Webinar om Inn på tunet - Garden som attraktiv arena innan utdanning, omsorg, arbeidstrening og integrering
- Ansvar og rutinar for autorisasjonsordninga for plantevern og smågnagarar
- Nytt Gårdskart aktuelt
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nyleg heldt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal eit miniseminar om landbruksbasert biogass for kommunane, med fokus på teknisk vurdering av søknad, og høyring på utsleppsløyve.
Kontaktperson: Åsmund Asper
På denne nettsida finn du statistikk og utvalde nøkkeltal om jord- og skogbruket i Møre og Romsdal. Denne sida er stadig under utvikling. Dersom det er informasjon du saknar, vil vi svært gjerne ha innspel!
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
- Webinar om Inn på tunet - Garden som attraktiv arena innan utdanning, omsorg, arbeidstrening og integrering
Landbruksdirektoratet inviterer til nasjonal Inn på tunet-konferanse 29. august kl 12 – kl 14. Lær meir om Inn på tunet og garden som alternativ arena innan utdanning, omsorg, arbeidstrening og integrering.
Høyr erfaringar frå ulike tilbod rundt i landet og få råd om oppstart, samarbeid og utvikling.
Les invitasjonen og meld deg på her
Vidaresend gjerne invitasjonen til andre avdelingar i kommunen, samt etablerte og interesserte IPT-tilbydarar.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Vi har no laga ansvars - og rutinebeskrivelse for autorisasjonsordninga for plantevern og smågnagarar. Du finn den her i høgre margen.
Kontaktperson: Tone Helen Rørseth
NIBIO har lagt ut nytt Gårdskart aktuelt 4/2023 på sine nettsider.
Her kan ein mellom anna lese om:
- Ny versjon av Kilden er lansert
- Meir brukervennleg og fleire funksjonar
- AR5web
- AR5 Feltkurs
Kontaktperson: Odd Løset