Informasjonsbrev veke 27/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Informasjonsbrevsommaren 2023 
  • Endring av kode i ØKS 
  • Ny versjon av ØKS og SKART 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.07.2023
  • Informasjonsbrev – sommaren 2023 

På grunn av ferieavvilkling blir det ikkje sendt ut informasjonsbrev i vekene 29, 30, 31 og 32 .         Det vil da bli sendt ut enkeltvise e-postar om det skulle dukke opp noko saker som hastar i denne perioden.  

Kontaktperson: Tone Helen Rørseth 

 

  • Endring av kode i ØKS 

Grøfte- og bekkerensk blir til grøfterensk, og har fått hovudkode 003 Grøfterensk. Bekkerensk er eit tiltak som ikkje heimlar bruk av skogfond. Eventuell bekkerensk kan og i nokre tilfelle krevje særskilt godkjenning etter vannressursloven. 

Kontaktperson: Odd Løset 

 

  • Ny versjon av ØKS og SKART 

Brukarar av dobbeltrolle i ØKS kan no opprette prosjektsøknadar.  

Det er gjort nokre endringar i ØKS opp mot SKART slik at det no er mogleg å gjennomføre NMSK-kontroll i SKART. Endringane vert implementert i løpet av veka. Dette krev oppdatering av SKART-appen hjå nokon, medan det hjå andre skjer automatisk. Ved å markere tiltak til kontroll frå ØKS til SKART finn ein tiltaket i SKART umiddelbart. Digital kartfesting av tiltaket skal ikkje gjerast i SKART. Landbruksdirektoratet har laga ei ny brukarrettleiing for SKART som vert sendt ut via epost. 

Kontaktperson: Odd Løset