Informasjonsbrev veke 33/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Korleis verte Inn på tunet-tilbydar? 
  • Overgang til fagsystemet AGROS for ordninga tilskot ved produksjonssvikt 
  • Regionalt miljøtilskot - Organisert beitebruk (OBB) 
  • Økologisk lunsj med Maria Berg Hestad på Matfestivalen i Ålesund fredag 25. august 
  • ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-08 – Frist 25. august 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.08.2023

Korleis verte Inn på tunet-tilbydar? 

Inn på tunet Norge SA og Norsk landbruksrådgivning arrangerer kurs for dei som ynskjer å verte Inn på tunet-tilbydarar 19. - 20. oktober på Hamar. 

Meir informasjon om kurset finnast her. Tips gjerne interesserte i di kommune! 

Påmeldingsfrist 28. august. 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

Overgang til fagsystemet AGROS for ordninga tilskot ved produksjonssvikt 

Søknader om tilskot for vekstgruppene frukt, korn og grovfôr med husdyr skal denne sesongen behandlast i fagsystemet AGROS. Dei andre vekstgruppene skal fortsatt behandlast i fagsystemet ELF. Dette betyr at det blir to ulike fagsystem for denne ordninga i 2023.  

Du finn meir informasjon om dette på denne sida. 

Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset 

 

Regionalt miljøtilskot - Organisert beitebruk (OBB) 

Frist for å melde inn namn på nye beiteområde/endringar i namn for kommande søknadsomgang er seinast 25. august. Informasjon sendast til Statsforvaltaren. 

Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset 

 

Økologisk lunsj med Maria Berg Hestad på Matfestivalen i Ålesund fredag 25. august 

Økologisk Møre og Romsdal inviterer i samarbeid med Statsforvalteren i Møre og Romsdal til økologisk lunsj og føredrag med Maria Berg Hestad på Matfestivalen i Ålesund fredag 25. august kl 12 – kl 13. 

Meir informasjon og kjøp av billettar finn du her. 

Kontaktperson: Marie Teigland 

 

ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-08 – Frist 25. august 

Virkesopplysningar for periode 2023-08 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er 25. august. Det er viktig at dette blir godkjent innan fristen! Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.   

Kontaktperson: Åslaug Røberg