Informasjonsbrev veke 34/2023
- Webinar om Inn på tunet - Garden som attraktiv arena innan utdanning, omsorg, arbeidstrening og integrering
- Kurs i AR5web
- Skjerpa mål og føringar for jordvernet
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Webinar om Inn på tunet - Garden som attraktiv arena innan utdanning, omsorg, arbeidstrening og integrering
Landbruksdirektoratet inviterer til digital Inn på tunet-konferanse 29. august kl 12 – kl 14. Lær meir om Inn på tunet og garden som alternativ arena innan utdanning, omsorg, arbeidstrening og integrering.
Høyr erfaringar frå ulike tilbod rundt i landet og få råd om oppstart, samarbeid og utvikling.
Les invitasjonen og meld deg på her
Vidaresend gjerne invitasjonen til andre avdelingar i kommunen, samt etablerte og interesserte Inn på tunet-tilbydarar.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
NIBIO har utvikla ei nettløysing, AR5web, som skal gjere det enklare for kommunane å ajourføre AR5. Målet med løysinga er at tilsette utan kompetanse i ordinære kartverkty, skal kunne leggje inn registreringar knytt til eiga sakshandsaming.
Mange kommunar har alt teke i bruk løysinga, og fleire har vist interesse.
NIBIO har difor sett opp eit nytt kurs i bruk av AR5web på Teams 6. september kl. 09.00 – 10.30.
Sjå nettside for AR5web her.
Send epost til underteikna for påmelding innan utgongen av neste veke.
Kontaktperson: Odd Løset
Skjerpa mål og føringar for jordvernet
Stortinget har vedteke ny nasjonal jordvernstrategi og fylkestinget i Møre og Romsdal har vedteke eit nytt regionalt jordvernmål. Saman med nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging, så er bodskapet klart; dyrka marka må nyttast til matproduksjon.
For femte året på rad nådde Møre og Romsdal det gamle jordvernmålet på 200 dekar i 2022. 195 dekar dyrka mark vart vedteke omdisponert i fjor. Dette er det høgste talet sidan 2017. Men frå og med i år så er det regionale målet for Møre og Romsdal 100 dekar. Det betyr at kommunane lyt stramme inn og redusere nedbygging av matjord ytterlegare.
Les saka her
Kontaktperson: Tormod Meisingset