Informasjonsbrev veke 39/2023
- Husk omfordeling av SMIL-midlar og tilskot til tiltak i beiteområder 2023
- Nye praksis for inndraging av unytta midlar frå ordningar under Landbrukets utviklingsfond (LUF)
- Webinar om klimatilpassing i landbruket 10.oktober 2023 kl. 10.00 - 11.00
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Husk omfordeling av SMIL-midlar og tilskot til tiltak i beiteområder 2023
Ja da er høsten her og tida for omfordeling av SMIL-midlar og tilskot til tiltak i beiteområder står for tur.
Håper dere er i full sving med behandling av søknadar og får registrere løyvingane fortløpende, slik at alle løyvingane er med når vi hos Statsforvaltaren dreg inn og omfordeler alle midlar som ikkje er løyvd innan 1. oktober 2023.
Kontaktperson: Tone Helen Rørseth
Nye praksis for inndraging av unytta midlar frå ordningar under Landbrukets utviklingsfond (LUF)
I jordbruksoppgjeret 2023 blei partane einige om at unytta midlar for fleire ordningar finansiert over LUF skulle dragast inn ved årsslutt.
Praksis har fram til nå vært at attverande ramme ved årets slutt har blitt overført til den same statsforvalteren neste år. Midla har komet i tillegg «friske» midlar for den enkelte ordning. Denne praksisen vil opphøyra frå 1.1.2024.
Dette gjeld skogordningane, SMIL, tilskot til drenering og tiltak i beiteområder. Inndraginga gjeld ikkje for ordningar med fleire finansieringskjelder, som tilskot til tiltak i verdsarvområda og utvalde kulturlandskapet.
Kontaktperson: Odd Løset
Webinar om klimatilpassing i landbruket 10.oktober 2023 kl. 10.00 - 11.00
Arrangør er Miljødirektoratet.
Temaet er; “Hva kan kommunene gjøre for å gjøre landbruket mindre sårbart i møtet med klimaendringene? Og ta hensyn til natur samtidig?”
Webinaret for kommunar og fylkeskommunar.
Det er gratis å delta, men du må registrere deg i forkant.
Du finner meir informasjon om webinaret ved å trykke på denne lenka