Informasjonsbrev veke 40/2023
- Seminar/webinar 23.november 2023: Korleis hjelpe bonden med gode tiltak for pollinerande insekt? - Påmelding innan 17. november 2023
- Endring i forskrift om berekraftig skogbruk
- Fylkesnytt frå Møre og Romsdal
- Påminning - Resultatkartlegging og foryngingskontroll i skogbruket
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Seminar/webinar 23.november 2023: Korleis hjelpe bonden med gode tiltak for pollinerande insekt? - Påmelding innan 17. november 2023
Temaet er; “Forskningens og andre bidrag til arbeidet for bevaring av pollinerende insekter i kulturlandskapet. Etter noen år med bevaringstiltak for pollinerende insekter i kulturlandskapet ønsker vi å gjennomgå resultater og praktiske erfaringer.”
Fagseminaret blir organisert av Norsk Landbruksrådgivning og Norsk institutt for naturforsking med støtte frå Landbruksdirektoratet og Noregs forskingsråd. Det rettar seg til alle interesserte som arbeider i landbruks- og miljøforvaltninga, organisasjonar, rådgivinga, faglaga i landbruket og til interesserte bønder.
Seminaret er gratis. Du kan delta fysisk eller digitalt.
Påmelding innan 17.november 2023.
Meir informasjon og påmelding til seminaret/webinaret finn du ved å følge denne lenka.
Endring i forskrift om berekraftig skogbruk
Landbruks- og matdepartementet har fastsett endringar i forskrift om berekraftig skogbruk. Endringane er i hovudsak ei presisering og tydeleggjering av krav knytt til forynging etter hogst. Dersom skogeigar skal skifte treslag der det tidlegare har stått barskog, må ein innhente godkjenning frå kommunen. Berre bartre vert rekna som tellande treslag etter lova sine minstekrav til plantetettleik, der bartre utgjer meir enn halve volumet i bestand før hogst.
Les meir her.
Endringane i forskrifta vert gjeldande frå 1/1- 2024.
Kontaktperson: Odd Løset
Fylkesnytt frå Møre og Romsdal
å oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet skriv Statsforvaltaren to gonger for året eit Fylkesnytt frå Møre og Romsdal, som vert publisert på regjeringa sine nettsider. Årets andre utgåve er publisert i dag, og kan lesast her.
Vi har skrive om vinnaren av kulturlandskapsprisen som skjøttar kystlyngheia. Andre tema er kartlegging av beiteressursane i verdsarvområdet Geiranger, nytt og spennande samarbeid i kystskogbruket, stor granbarkbille påvist i Møre og Romsdal, og Tingvoll gard som base for NIBIO og NORSØK.
Eit tips: Dersom du ikkje allereie abonnerer på nyheitsbrev frå regjeringa, kan du melde deg på her.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Påminning - Resultatkartlegging og foryngingskontroll i skogbruket
Det er relativt mange kontrollar/kartleggingar som ikkje er registrert eller gjennomført. Dette er ei fin tid for å sjå etter småplanter. Ein vil oppmode til at SKART-appen vert nytta ved resultatkartlegging. Utplukka bestand finn ein under fana Kontroll i ØKS.
Status i dag:
Kontroll |
Tal felt totalt |
Manglar godkjenning |
Resultatkartlegging |
45 |
29 |
Foryngingskontroll |
165 |
66 |
Kontaktperson: Odd Løset