Informasjonsbrev veke 42/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-10 – Frist 25. oktober 
  • Ynskjer forslag på kandidatar til landbruket sin Inspirasjonspris – Frist 15. januar 
  • Utlysing av tilskot til regionalt Klima- og miljøprogram - Frist 15. november 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.10.2023

ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-10 – Frist 25. oktober 

Virkesopplysningar for periode 2023-10 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er 25. oktober. Det er viktig at det blir godkjent innan fristen! Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.    

Kontaktperson: Åslaug Røberg 

 

Ynskjer forslag på kandidatar til landbruket sin Inspirasjonspris – Frist 15. januar 

Møre og Romsdal Landbruksselskap skal dele ut ein pris for å heidre folk i landbruket som har gjort ein spesiell innsats for å fremje næringa. Det kan vere ein gardbrukar, ein familie eller eit fellestiltak. Vinnaren får eit kunstverk og 10.000 kroner. Prisen skal overrekkast på Landbrukskonferansen i Molde 8. mars. 

Forslag på kandidatar sendast til per.nakken@statsforvalteren.no innan 15. januar. 

Meir informasjon om Inspirasjonsprisen finn du her. Del gjerne 😊   

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

Utlysing av tilskot til regionalt Klima- og miljøprogram - Frist 15. november 

Statsforvaltaren forvaltar midlane som går til fylkesvise klima- og miljøtiltak. Vi har att ei ramme for 2023 på kr 132 000,- som no lysast ut på nytt. Søknadsfrist er 15. november 

https://www.statsforvalteren.no/nn/More-og-Romsdal/Tilskot/2023/11/utlysing-av-tilskot-til-regionalt-klima--og-miljoprogram/ 

Kontaktperson: Åsmund Asper