Informasjonsbrev veke 51/2022
- Høyring - nytt regionalt miljøprogram i jordbruket
- AR5web og nytt Geovekst Aktuelt
- Tilskot ved produksjonsvikt
- GOD JUL
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Høyring - nytt regionalt miljøprogram i jordbruket
Ny programperiode for det regionale miljøprogrammet er frå 2023 til 2026. Utkast til ny forskrift om regionale miljøtilskot er no ute på høyring.
Meir informasjon og høyringsdokumenta finn du her
Høyringsinnspel kan sendast til fmmrpena@statsforvalteren.no innan 3. februar 2023. Merk innspelet med 2022/6262.
Kontaktperson: Per Eldar Nakken
AR5web og nytt Geovekst Aktuelt
NIBIO arrangerer nytt kurs i AR5web 17. januar. Det er fleire kommunar i vårt fylke som enda ikkje har teke i bruk denne løysinga. Ta kontakt med underteikna for påmelding. Nettsida om AR5web er og oppdatert, sjå her.
Siste Geovekst Aktuelt for 2022 er lagt ut. Det inneheld m.a. relevant nytt om AR5 og link til demovideoar for AR5web.
Kontaktperson: Odd Løset
Bønder i Møre og Romsdal får utbetalt 7.5 millionar i tilskot ved produksjonssvikt for vekstsesongen 2022. Meir informasjon om fordeling på dei ulike vekstgruppene.
Vi ønsker å rekke ein stor takk til saksbehandlarane i kommunen som har bidratt til at Statsforvaltaren kom i mål med behandlinga.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset og Per Eldar Nakken
Nok et år går mot slutten, og julehøytiden nærmer seg. Jeg vil på vegne av landbruksavdelingen hos statsforvalteren takke dere alle for et godt samarbeid i 2022, og ønske dere en riktig god jul og et godt nytt år!
Frank Madsøy