Informasjonsbrev veke 05/2023
- Landbrukskonferansen med fokus på Møre og Romsdal si rolle i auka norsk sjølvforsyning
- Landbruksdirektoratet sin kunnskapskonferanse 9. mars
-
MR-mat 2023 – fagdagar for lokalmatprodusentar. Program og påmelding! Stranda 14.-15. mars
- Grüne Woche i Berlin med lokal mat og drikke frå Møre og Romsdal
- Tilskot til tettare planting og gjødsling av skog i 2023
- Årsverk i kommunal landbruksforvaltning
- Kven gjer kva hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Landbruksavdelinga.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Landbrukskonferansen med fokus på Møre og Romsdal si rolle i auka norsk sjølvforsyning
Landbrukskonferansen er eit samarbeid mellom Bondelaget, Bonde og småbrukarlaget og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, og vert arrangert fredag 3. mars i Molde. Målgruppa er er bønder, rådgjevarar, forvaltning, politikarar og andre som har eit varmt hjarte for norsk landbruk. Årets konferanse har særleg fokus på berekraft, beredskap og utnytting av ressursane i Møre og Romsdal.
Hjelp oss gjerne med å spre invitasjonen til Landbrukskonferansen!
For program og påmelding seinast 23. Februar finn du her
Kontaktpersonar: Marie Teigland og Brit Kari Eidseflot Hauger
Landbruksdirektoratet sin kunnskapskonferanse 9. mars
Landbruksdirektoratet inviterer til digital kunnskapskonferanse torsdag 9. mars kl 09.30 - kl 14.30. Om konferansen: “Miljø- og klimautfordringer i landbruket belyses av landbruks- og matminister Sandra Borch og klima- og miljøminister Espen Barth Eide. I tillegg vil Landbruksdirektoratet presentere ferske analyser og fakta om rammebetingelsene i Norge og internasjonalt.
Kunnskapskonferansen er for deg som er interessert i hva som skjer i mat- og drikkeindustrien, landbruket, handelen og i forvaltningen.”
Meir informasjon og påmelding her.
Kontaktperson: Britt Kari Eidseflot Hauger
MR-mat 2023 – fagdagar for lokalmatprodusentar. Program og påmelding!
Stranda 14.-15. mars
Anrrangementet passar for produsentar av lokal mat og drikke, serveringsstader og støttespelarar til bransjen. Programmet består av felles konferanse med smaksshow og inspirasjonsforedrag, i tillegg til 5 bransjeretta fagkurs.
PROGRAM OG PÅMELDING TIL MRmat 2023
Kontaktperson: Marie Teigland
Grüne Woche i Berlin med lokal mat og drikke frå Møre og Romsdal
Internationale Grüne Woche (IGW) vart arrangert frå 20. til 29. januar. Grüne Woche er ei av verdas største messer for mat, reiseliv og landbruk. I Fjord Norge-regionen er det Statsforvaltarane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland, saman med Matarena AS som har stått for programmet. Det var valt ut 20 bedrifter som representerte det store mat- og drikkemangfaldet på Vestlandet, inkludert reiselivsaktørar.
Les meir om Fjord Norge sin stand her.
Kontaktpersonar: Marie Teigland og Brit Kari Eidseflot Hauger
Tilskot til tettare planting og gjødsling av skog i 2023
Tilskotssatsane er fastsett for 2023:
- Gjødsling av skog: 50 %
- Tettare planting ved nyplanting: 60 %
- Suppleringsplanting: 40 %
Meir informasjon om ordningane finn du i desse lenkane:
Kontaktperson: Odd Løset
Årsverk i kommunal landbruksforvaltning
Den kommunale landbruksforvaltninga leverer viktige tenester til landbruket i sin kommune. Kommunane er førsteinstans sakshandsamar for fleire tilskotsordningar som skal bidra til matproduksjon, landbruk i heile landet og eit levande kulturlandskap. Det er difor heilt nødvendig at kommunane prioriterer å ha ei robust landbruksforvaltning. Statsforvaltaren har kartlagt antal årsverk pr 31.12, og utviklinga syner ein reduksjon frå totalt 38,81 årsverk i 2020, til 37,65 årsverk i 2022. Dette viser ei utvikling i feil retning, noko vi vil ha fokus på i vår dialog med kommunane.
Kontaktpersonar: Frank Madsøy og Brit Kari Eidseflot Hauger
Kven gjer kva hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Landbruksavdelinga.
Vi har no oppdatert vår oversikt over kven som gjer kva her på Landbruksavdelinga pr. 01.01.2023.
Du finn oversikta her.
Kontaktperson: Tone Helen Rørseth