Kristiansund nominert til jordvernpris
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har føreslått Kristiansund kommune som fylket sin kandidat til den nasjonale jordvernprisen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Jordvernprisen vert delt ut av Landbruks- og matdepartementet. Prisen skal framheve og motivere til nyskapande tiltak og planar som legg godt til rette for at kommunane i mindre grad omdisponerer dyrka mark, og finn gode alternativ i planlegginga. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal fekk i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet å føreslå kandidatar frå fylket til den nasjonale jordvernprisen.
Nullvisjon for nedbygging av matjord
Etter ei samla vurdering fann Statsforvaltaren grunn til å føreslå Kristiansund kommune som kandidat til nasjonal jordvernpris frå Møre og Romsdal.
I foreløpige rapport-tal for forvalning av landbruksareal har kommunen ikkje omdisponert noko jordbruksareal til andre føremål i 2020.
Utdrag av grunngjevnaden er som følgjer:
Kommunen har utarbeida ein arealstrategi der det blant anna er lagt til grunn ein nullvisjon for nedbygging av dyrka mark. Arealstrategien er ein strategi for utvikling i kommunen mot 2050 og er lagt til grunn i arbeidet med ny kommuneplan for 2020-2031. Sjølv om kommunen ikkje er blant dei største landbrukskommunane i fylket, så meiner vi ein slik nullvisjon har ein viktig signaleffekt for innbyggjarar og øvrige kommunar.
Lenkje til arealstrategien ...
Ved arbeidet med kommuneplanens arealdel for 2020-2031 (første gongs høyring) har kommunen foreslått at tidlegare jordbruksareal, som var avsett til bustad i den tidlegare arealdelen, vert tilbakeført til landbruks, natur og frilufts-føremål (LFN) -føremål. Dette gir eit arealoverskot på 110 dekar dyrka jord.
På denne bakgrunnen føreslår Statsforvaltaren Kristiansund kommune som kandidat for jordvernprisen. Kommuneplanens arealdel er ikkje endeleg vedteke i Kristiansund, så foreløpig er det ingen garanti for at planane om nullvisjon for nedbygging av dyrka jord vert følgt.
Mål om auka merksemd på jordvern
Regjeringa har utarbeidd ein nasjonal jordvernstrategi som er vedteke av Stortinget. Eit av tiltaka i jordvernstrategien var å etablere ein nasjonal jordvernpris.
Landbruks- og matdepartementet har i samråd med KS utarbeidd statuttane for prisen.
Jordvernprisen er eit tiltak for å styrke jordvernet. Prisen skal bidra til å auke merksemda om jordvernet, særleg i kommunane og fylkeskommunane, og få fram gode idear og eksempel på tiltak, planar og strategiar, for å ta vare på landbrukets næringsareal. Prisen skal delast ut annakvart år til ein kommune eller fylkeskommune, og juryen vert leia av landbruks- og matministeren.
Målgruppa for prisen er fylkeskommunar og kommunar som tar aktive grep i regionale planar og i kommune- og reguleringsplanar. Det kan også vere kommunar og fylkeskommunar som får gode resultat i samarbeid eller partnarskap med andre aktørar gjennom planlegging, gjennomføring og praksis. Aktørane kan vere ulike partar innan offentleg politikk og forvaltning, næringsliv eller andre organisasjonar.