Presisering av jordvernet sin betydning og Fylkesmannen si rolle i plansaker

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud sendte 1. oktober 2018 ut brev til alle fylkesmenn med presisering av jordvernet si betydning og korleis Fylkesmannen skal vurdere jordvernet i kommunale plansaker. Brevet er eit ledd i oppfølging av regjeringa si jordvernstrategi, og må sjåast i samanheng med den oppdaterte strategien, som blir lagt fram i høve statsbudsjettet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.10.2018

Større fokus på jordvern

Ministeren sitt utgangspunkt er at presiseringa vil bidra til at praktiseringa av ordninga med motsegner skal bli meir føreseiande for kommunane, og dermed gje meir effektive planprosessar. 
– Det er aukande merksemd om verdien av matjord, og vi ser stadig fleire kommunar som tek jordvern på alvor. Kommunane har teke ansvar, og gjort ein bra jobb med å redusere omdisponeringa av dyrkajord. Dette gode arbeidet må vidareførasst, seier Hoksrud.

Heile brevet finn du som vedlegg. Les også meir på Landbruks- og matdepartementet sine nettsider https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/jordvern/id2612713/.

Informasjon om føringar og målsettingar

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har sidan hausten 2017 reist rundt til kommunar i Møre og Romsdal, for å gje informasjon om nasjonal jordvernstrategi til politikarar og administrasjon, som styrer arealforvaltninga i det daglege. Her vert det blant anna ein gjennomgang av nasjonale og regionale målsettingar og føringar, samt innføring i relevant regelverk, som jordlova og plan- og bygningslova.

I 2017 var Møre og Romsdal det fylke i landet som omdisponerte mest matjord.