Ta vare på matjorda
Med klimaendringar og aukande folketal må matjorda brukast til å dyrke mat. Matproduksjon på eigne naturressursar er eit godt beredskapstiltak i ei usikker verd.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er noko av bodskapet i brevet som landbruks- og matminister Sandra Borch og tidlegare kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram har sendt ut til alle kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar.
I Noreg har vi ein nasjonal jordvernstrategi med målsetting om å redusere tap av matjord til under 3 000 dekar i året. Vi skal også leggje FN sine berekraftsmål til grunn som ei felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, forhindre ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030. Mål nr. 2 handlar om matsikkerheit og forhindre svolt.
Jordvernet må styrkast
Klimaendringar gjer at matjorda forsvinn i flaumar og tørke. Matjorda går også tapt for industri, samferdsel og husbygging. Korleis vi forvaltar våre ressursar i dag er avgjerande for kva moglegheiter dei komande generasjonane får.
«Vi må slutte å sløse med dyrka mark – jordvernet må styrkast», presiserer landbruks- og matministeren vidare i ein kronikk. Bevaring av dyrka mark er ei nasjonal interesse, og jordvernet må takast på alvor. Kommunane har eit stort ansvar for å sikre jordbruksareala og sørgje for at vern av matjord vert eit overordna omsyn i arealplanlegginga. På den måten kan vi fortsette å produsere mat til deg og meg, dine og mine, i dag og i framtida.
Kontaktpersoner
-
Frank Madsøy
Tlf: 71 25 84 03 / 97 17 14 93 -
Tormod Meisingset
Tlf: 71 25 84 04 / 97 60 02 57