Vêrprognose fire veker fram i tid
Mange bønder i Møre og Romsdal får i dag tilsendt gratis vêrprognosar kvar veke. Dette kan vere eit godt hjelpemiddel i planlegging av arbeid gjennom vekstsesongen.
Vêrprognosen er framstilt på eit kart som viser sannsynleg avvik frå normalen fire veker fram i tid. Bildet øverst i saka viser prognosen som kom 14. mai. Her ser vi at Møre og Romsdal truleg får det varmare enn normalt, og at dette er svært sannsynleg for veke uke 21. Det er eit tilsvarande kart for nedbør.
Meld deg på vêrprognose på e-post (lenka opnar i ny fane)
Kvar fredag i vekstsesongen blir det sendt e-post med oppdaterte prognosar for fire veker med forklaring på korleis dei skal tolkast.
Det tek litt tid å lære seg å forstå desse karta, og at dette er basert på sannsynleg framskriving av dei store vêrsystema. Mange bønder brukar dette som eit hjelpemiddel for å avgjere til dømes rett tid for gjødsling og slått.
Climate Futures
Dette arbeidet skjer i regi av Climate Futures som er eit senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Dei utviklar metodar for framskriving av klima for å kunne handtere klimarisiko i ulike næringar – mellom anna i landbruksnæringa. NLR, Bondelaget og Statsforvaltaren er tre av mange partnarar i dette senteret.
Les meir om SFI-en på nettsida Climatefutures.no
Les meir om klimavarsel på nettsida Klimavarsling.no
Innanfor landbruksnæringa har ein lagt vekt på å utvikle langtidsprognosar som kan hjelpe bønder med å gjere gode val i møte med eit klima i endring.
Spørsmål knytt til prognosen kan rettast til Manuel Hempel i NORCE på e‑post: mahe@norceresearch.no