Sjølaksefiske ved utløpet av vassdrag

I fredingstida for det enkelte vassdraget er det forbode å fiske nærare utløpsosen enn 100 m. I fisketida (som gjeld for fiske etter sjøaure) er det berre tillate å fiske med stong eller handsnøre frå land eller båt. Fiske med fastståande reiskap er ulovleg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.06.2013

I Møre og Romsdal er grensa på 100 m utvida ved «Forskrift om fiske etter anadrome laksefisk, fredning ved utløp av vassdrag, i sund og straumar, Møre og Romsdal» (sjå link til høgre).

For å sjå fredingssonene på kart, sjå www.gislink.no, start med å velje «Launch». Zoom inn på aktuelt område på kartet, klikk på «Jeg ønsker å…», vel «Slå av og på kartlag» og hak av for «Munningsfredninger» (må «scrolle» eit stykke nedover). Då kjem det opp symbol på kartet med ein strek mellom som angir munningsfredingar med avstand >100 m frå utløpsosen i dei aktuelle vassdraga.