Forvaltingsplan Sandblåst-/Gaustadvågen naturreservat

Fylkesmannen har laga framlegg til forvaltingsplan for Sandblåst-/Gaustadvågen naturreservat. Planen låg på høyring fram til 15. september 2012.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.01.2013

Forvaltingsplanen har målsettingar for tilstanden til verneverdiane og brukarinteressene i området. Vidare viser planen korleis verneforskriftene skal tolkast og praktiserast. Til slutt foreslår ein tiltak som restaurering, skjøtsel, overvaking og informasjon.

«Ein forvaltingsplan medfører ikkje noko skjerping i restriksjonsnivået eller nytt vern» understrekar seniorrådgjevar Ola Betten.

Dei viktigaste tiltaka i planen er:

  • Registrere og ev. betre vassutskiftinga mellom fjorden og vågen
  • Fjerne framande bartre som sitkagran og bergfuru
  • Motverke gjengroing ved rydding og husdyrbeiting i området
  • Informere om verneverdiane gjennom skilting

I samband med høyringa er det også framlegg om å rette opp ein del feil i eigedomslista i verneforskrifta for naturreservatet.

Fylkesmannen oppmodar alle interesserte til å komme på informasjonsmøte på Strømsholmen Sjøsportsenter onsdag 15. august kl. 19.30 – 21.30, og å gje fråsegn til planen innan 15. september 2012.

Oversiktsbilete