Inviterer til fagdag om slåttemark og hagemark 12. juli
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Norsk Landbruksrådgiving inviterer til fagdag om restaurering og skjøtsel av slåttemark og hagemark på garden Høystakli på Kleive, laurdag 12. juli.
Arrangementet er ope for alle – både dei som driv aktiv skjøtsel og dei som ønskjer å lære meir.
Samlinga blir halde på garden Høystakli, med oppmøte kl. 12.00. Vert Terje Høystakli vil fortelje om arbeidet med restaurering av kulturlandskapet, og vise oss rundt på ulike delar av garden.
Program og innhald
Programmet kombinerer fagleg påfyll og praktisk læring. Deltakarane får mellom anna prøve seg på botanisering. Tema som stell av alm og ask, bruk av riktige reiskapar og handtering av framande artar blir òg tekne opp.
– Dette er eit fint høve til å dele kunnskap og diskutere praksis i felt, seier arrangørane.
Etter fagøkta blir det matservering kl. 15.00, og vidare uformell erfaringsutveksling og samtalar om skjøtsel og forvaltning. Ein representant frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil vere til stades.
Fakta om arrangementet
Dato: 12. juli
Tid: 12.00–16.30
Stad: Høystakli, Istadvegen 1031, Kleive
Pris: 250 kroner
Påmeldingsfrist: 8. juli
Påmelding og meir informasjon: Slåttemark og hagemark, restaurering og… | Norsk Landbruksrådgiving