Presseinvitasjon - Kongeparets fylkestur i Møre og Romsdal

Presse som ønsker å dekke Deira Majestetar Kongen og Dronninga sin fylkestur i Møre og Romsdal 30. august - 1. september 2022 må søke om akkreditering til Statsforvaltaren innan onsdag 24. august kl. 16.00.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.06.2022

Kongeparet besøker desse kommunane

Kongeparet besøker Fjord, Sykkylven, Vanylven, Sande og Hareid kommunar på reisa si. 

  • Fjord kommune - tysdag 30. august (kl. 10.30)

Fylkesturen startar i Fjord kommune. Her vert det folkefest på det nye Syltetorget i jordbærbygda Valldal. 

  • Sykkylven kommune  - tysdag 30. august (kl. 16.00)

Neste stopp er møbelbygda Sykkylven og festplassen ved kyrkja i sentrum. 

  • Vanylven kommune - onsdag 31. august (kl. 10.30)

I Åheim møter innbyggjarane Kongeparet på kunstgressbana ved Olivinhallen. Dei besøker også Sankt Jetmund kyrkja. Ei lita langkyrkje i stein frå rundt 1150.

  • Sande kommune - onsdag 31. august (kl. 16.00)

I Sande får Kongeparet og folket oppleve kulturinnslag ved rådhuset. Dei får mellom anna sjå eit spesialutdrag av det lokalhistoriske Arthur-spelet. 

Om kvelden kl. 19.30, inviterer kommunen Kongeparet til middagsshowet "Feel Royal" på landsbyhuset Breidablikk. 

  • Hareid kommune - torsdag 1. september (kl. 10.00)

På den siste dagen av fylkesbesøket kjem Kongeparet til Hareid. Her samlar folket seg i sentrum. 

Det er lange fangsttradisjonar i Hareid, og ein tur til Ishavsmuseet er difor på sin plass.

 

Kongeskipet Norge vil bli nytta under fylkesturen.

Endeleg program nærare besøket

Fullstendig program vil bli lagt ut nærare besøket. Akkreditert presse vil få eige presseprogram der  oppmøtetidspunkt for pressa er lagt inn.

Akkreditering

Presse som ønskjer å dekke besøket, må søke om akkreditering til  Statsforvaltaren på dette skjemaet: https://forms.office.com/r/LTGHHr2ELc  innan onsdag 24. august kl. 16:00

Akkrediteringsskjema

Foto: Jørgen Gomnæs Det kongelige hoff
QR: Her finn du skjema for akkreditering
QR: Her finn du skjema for akkreditering