Kommuneplanstatus i Møre og Romsdal - 2019
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har laga to kart samt ein tabell som viser status i kommunane sitt arbeid med kommuneplanens samfunnsdel og arealdel. Vi ser at det er store variasjonar kommunane i mellom når det gjeld kor tid planane sist var reviderte.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Store variasjonar kommunane i mellom
Mange av kommunane i Møre og Romsdal har i løpet av dei siste åra fått utarbeidd og vedtatt oppdaterte kommuneplanar. I første rekke omfattar dette kommuneplanens samfunnsdel. Denne vil naturleg danne rammer og retningslinjer for vidare arbeid med arealdelen.
Som tabellen og karta under viser er det likevel store variasjonar kommunane i mellom når det gjeld kor oppdaterte planar dei har.
Vi ser elles at fleire kommunar har jobba godt med sine overordna planar for å få desse vedtatt i løpet av kommunestyreperioden 2015 – 2019, og for nokre også med tanke på kommunesamanslåingar med verknad frå 01.01.2020.
Men tabellen viser også at fleire kommunar er i prosess med kommuneplanarbeidet
Kommuneplanens samfunnsdel
Kommuneplanens arealdel
Status - gjeldande kommuneplan
Kommuneplanen er styrka som strategisk styringsverktøy
Kommuneplanen som strategisk styringsverktøy i kommunalt utviklings- og omstillingsarbeid er styrka. Kommuneplanens samfunnsdel omhandlar langsiktige utfordringar når det gjeld mål og strategiar, både for kommunens rolle som samfunnsutviklar og som tenesteytar. Samfunnsdelen vil gjennom ein eigen handlingsdel vere direkte kopla til kommunens økonomiplansystem, og vil samstundes legge viktige rammer og føringar for vidare arbeid med kommuneplanens arealdel.
Manglande oppdatering/rullering av overordna kommuneplan skaper ofte utfordringar for ei meir heilskapleg og langsiktig samfunnsutvikling og arealforvaltning.
Kommunal planstrategi som utgangspunkt for vurdering av kommunens planbehov
Regional og kommunal planstrategi er innført som nye verktøy i plan- og bygningslova (pbl 2008). I samsvar med pbl § 10-1 skal er kommunane pålagt å utarbeide ein kommunal planstrategi i kvar kommunestyreperiode, og seinast eitt år etter konstituering av nytt kommunestyre. Formålet er å klargjere kva planoppgåver kommunen bør starte opp eller vidareføre for å legge til rette for ei ønska utvikling i kommunen. Arbeidet med kommunal planstrategi gir kommunane nyttig oversikt over eigen planportefølje sett i forhold til status, utviklingstrekk og utfordringar på viktige samfunnsområde, og utgjer vidare ei viktig plattform for vidare arbeid med rullering av kommuneplanens samfunnsdel.
Viktig lokalpolitisk styringsverktøy
Dersom kommuneplanens samfunnsdel skal vere eit viktig lokalpolitisk styringsverktøy, slik plan- og bygningslova og kommunelova legg til grunn, stiller dette krav om at planen er direkte knytt opp til valperiodane og kan vedtakast tidleg i perioden.
Fylkesmannen prioriterer tett oppfølging
Fylkesmannen vil i 2020 prioritere tett oppfølging av det strategiske kommuneplanarbeidet i samarbeid med fylkeskommunen og dei einskilde kommunane. Kommuneplanen som politisk utviklings- og styringsverktøy vil elles vere eit hovudtema i samband med Fylkesmannens planlagde kommunebesøk i 2020.
Kommunal planlegging - eit viktig styringsverktøy
Den kommunale planlegginga skal etter plan- og bygningslova samordne både den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga. Kommunal planlegging er i lys av dette eit viktig verktøy for utvikling og styring både av kommunen som samfunn og kommunen som organisasjon. Oppdaterte kommuneplanar er ein viktig føresetnad for å sikre ei berekraftig samfunnsutvikling og arealforvaltning. |