Ny rettleiar om barn og unge i plan og byggesak
Omsynet til barn og unge skal ivaretakast i planlegging og i krava til det enkelte byggetiltak. Ny rettleiar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) syner korleis plan- og bygningslova kan bidra til å sikre og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ny rettleiar
Den nye rettleiaren er kome i stand etter tilbakemeldingar frå fylkesmenn, fylkeskommunar, FN’s Barnekomite, og som eit svar på evalueringa av plan- og bygningslova (EVA-plan).
Barnas interesser
Rettleiaren gir god forankring i plan- og bygningslova om korleis barns interesser kan ivaretakast i planprosessar og i byggesak, og syner kopling til folkehelselova. Barnekonvensjonen er tydeleg lagt vekt på, der barnets beste og barnets rett til å seie si meining er løfta fram. Barnets rett til å medverke og uttale seg er gitt god plass og det blir understreka at barnerepresentanten ikkje kan erstatte barn si eigen medverknad. Det lovpålagde ungdomsrådet er særskilt omtala.
Barn og unges talsperson
Barnerepresentanten sine oppgåver blir også tydeleggjort i rettleiaren. Både tidleg deltaking, og deltaking i møte og dialogar i heile prosessen er lagt vekt på. Rettleiaren legg fram forslag om kven som bør ha rolla som barn og unges talsperson, og kva kunnskap denne bør ha.
Kontaktpersoner
-
Kristin Eide
Tlf: 71 25 84 33 / 47 87 99 29