Nyheitsbrev plan desember

Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du nyheitsbrevet frå desember 2023.

Publisert 18.12.2023

Arealrekneskap for fylket

No kan Møre og Romsdal fylkeskommune presentere eit heilskapleg arealrekneskap for fylket. Målet er å vise bruk og planlagt bruk av areala i kommunane våre. Arealrekneskap for 2023 viser ei samla oversikt over fylket om fordeling av arealtypar, areal som er tatt i bruk og planlagt arealbruk. Her finn du lenke til interaktivt kart og lenke til Power BI.

Politikaropplæring – planlegging for politikarar

Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Distriktssenteret har samarbeidd for å lage ei kurspakke for politikarane. Samarbeidet bygger på ei felles målsetting om å gjere politikarane gode på planlegging. Vi har laga fire filmar og spelt inn ei rekke med innlegg om tema knytt til strategisk samfunnsplanlegging og berekraftig arealforvaltning. Opplæringstilbodet er digitalt og vil bli tilgjengeleg på Statsforvaltaren sine heimesider på nyåret. Vi har vald ut fem kommunar i denne valperioden, som også får eit tilbod om fysiske samlingar. Meir informasjon kjem.

Meld deg på innspelsmøte for samfunnsoppdraget: inkludering av barn og unge

Mange barn og unge slit med å bli inkluderte i samfunnet. Ein av ti unge mellom 15 og 29 år står utanfor utdanning, arbeid og opplæring. Dette har ikkje berre store konsekvensar for den enkelte, men også for samfunnet. Inkludering er temaet for ein konferanse på Scandic Seilet i Molde 5.01.24. Konferansen vil passe for enkeltpersonar eller representantar for organisasjonar, selskap eller liknande som ønskjer å bidra med innspel til samfunnsoppdraget for ung utanforskap. Konferansen er gratis.

Klimasnukonferansen

Klimasnukonferansen blei arrangert i Ålesund 14.-15. november. Vi oppfordrar alle kommunane i Møre og Romsdal til å gå gjennom:

  • innlegget til Thea Aske Haugen – og gjennomføre gruppearbeid 1
  • innlegget til Even Tranmæl – og gjennomføre gruppearbeid 2

Opptak vil vere tilgjengeleg på Statsforvaltaren si side fram til 21. desember. Her finn du også gruppeoppgåvene og alle foredraga frå konferansen.

Vi gler oss allereie til neste års konferanse. Da gjer vi som i 2021 og slår saman regional plankonferanse med Klimasnukonferansen.

Nyttårskonferansen

Vi kjem også i 2024 til å streame innlegg frå Nyttårskonferansen 4.-5.01.24. Konferansen samlar leiarar i offentleg sektor i Molde. Alle kan følgje konferansen via nettet. Du vil etter kvart finne lenke på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Korleis kan næringsutvikling bli ein del av ønska næringsutvikling?

Alle kommuner driv samfunnsutvikling. Næringsutvikling er viktig for lokalsamfunnet. Korleis bør kommunen arbeide med næringsutvikling i kommunestyreperioden 2024 - 2027? Vi ønsker å hjelpe kommunen i å svare på dette, gjennom å tilby utviklingsnettverket «Læring for næring». Nettverket er utvikla av KS i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og Bærekraftsløftet Møre og Romsdal.

Kurs om utbyggingsavtalar

I samarbeid med KS vil fylkeskommunen sette opp eit heildags (fysisk) seminar 4.04.23 om utbyggingsavtalar som verkemiddel i samarbeidet mellom kommune og utbyggar. Målgruppa for seminaret er aktørar i offentleg og privat verksemd som arbeider med by- og samfunnsutvikling, arealplanlegging, eigedomsdrift og byggesak, og dei som eventuelt forhandlar avtalar om dette. Nokre av aktørane vil bli utfordra i forkant til å dele erfaringar. Vi opnar for påmelding i løpet av januar – følg med på nettsida til fylkeskommunen. Set gjerne av datoen allereie.

Nytt kartlag i Naturbase - Skogsmark NiN

I samband med utgreiing av areal som kan vere aktuelle for frivillig skogvern etter naturmangfaldlova, vert det gjennomført naturkartlegging i skog. Desse kartleggingsdata er no tilgjengelege som eige kartlag i Naturbase og GisLink.

Tilskot til kommuneplanar for naturmangfald

Kommunane kan søke om tilskot frå Miljødirektoratet til å lage temaplan for naturmangfaldet i kommunen. Føremålet med tilskotsordninga er mellom anna å styrke og synleggjere kunnskapen om naturverdiane i kommunen for politikarar og administrasjon. Søknadsfristen er 1. februar 2024. Meir informasjon om ordninga finn du på Miljødirektoratet sine heimesider.

Ny liste over framande artar

Korleis vi brukar areala våra har mykje å seie for korleis artar som ikkje er naturleg heimehøyrande i Noreg får spreie seg til naturen. I august 2023 lanserte Artsdatabanken Fremmedartslista 2023. Fremmedartslista har risikovurdert over 2000 artar for norsk naturmangfald, og nær 20 % er vurdert som høgrisikoartar.

Ny nettside om planlegging

Distriktssenteret har utvikla ein ny rettleiar om strategisk planlegging for distriktskommunar. Rettleiaren enkelplanlegging.no skal bidra til at små kommunar gjer gode val og planlegg gode prosessar for kommuneplanlegginga si. Enkelplanlegging.no skal gje rettleiing i minimumskrava til kommunalt planarbeid, og gje innspel til gode arbeidsmåtar, kunnskapskjelder og støttespelarar.

Klimautvalet 2050 sin rapport

Klimautvalet 2050 har utgreidd kva for vegval Noreg står overfor for å nå målet om å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Framlegging av rapporten er strøyma og du kan lese rapporten på regjeringa sine heimesider.

Kommunane sitt ansvar for å førebygge omsorgssvikt

Statsforvaltaren vil minne om at ny barnevernlov § 15-1 stiller krav om at kommunestyret skal vedta ein plan for kommunen sitt førebyggande arbeid. Dette plankravet tredde i kraft frå 1. januar 2022. Planen vil forplikte kommunen til systematisk innsats for å gi heilskaplege tenester til barn og unge.

Den førebyggende planen skal innehalde ein omtale av

  • overordna mål og strategiar for det heilskaplege tenestetilbodet
  • korleis ansvaret skal fordelast mellom etatane
  • korleis oppgåveløysinga skal organiserast
  • korleis dei ulike etatar skal samarbeide.

Planen skal kunne inngå i dei ordinære prosessane etter plan- og bygningslova.

Kommunestatistikken

Møre og Romsdal fylkeskommune har nyleg lagt ut ein oppdatert kommunestatistikk. Blant temaa som er oppdaterte er gjennomføring i vidaregåande opplæring,

utdanningsnivået i befolkninga og temaet utanforskap er utvida med ei oversikt som har fokus på ungdom. I tillegg til dette er statistikk knytt til bustadmarknaden oppdatert.

Kurs i naturbaserte løysingar

Med støtte frå Miljødirektoratet tilbyr Møre og Romsdal fylkeskommune kurs om naturbaserte løysingar for klimatilpassing. Kurset blir halde av Multiconsult. Kurset består av seks webinar og ei fysisk samling. Meld deg på via kurskalenderen vår.

Fire kommunar får 1,3 mill. kroner til berekraftig tettstadutvikling

Giske, Surnadal, Stranda og Hareid får til saman 1.351.000 kroner frå ordninga «Berekraftig tettstadutvikling». Det har eit einstemmig kultur- og folkehelseutval vedtatt.

  • Giske kommune får 400.000 kroner til stadanalyse og ideskisser for Valderhaugstrand med Skaret.
  • Surnadal kommune får 300.000 kroner til prosjektering av gangsamband mellom Skei sentrum og Svartvass-området.
  • Stranda kommune får 51.000 kroner til kartotek over gatemøbel.
  • Hareid kommune får 600.000 kroner til stadanalyse og moglegheitstudie for Hareid sentrum.

Korleis utvikle aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta?

Husbanken og Distriktssenteret har prøvd å svare på dette gjennom eit treårig prosjekt. I eit webinar 09.01.24 kan du høyre erfaringar og tips frå nettverket. Webinaret vil vere nyttig for tilsette som jobbar med bustadutvikling, bustadplanlegging og tilsette i helseog omsorgssektoren på både strategisk og operativt nivå.

Tre byar får seks mill. kroner til byutvikling

Kultur- og folkehelseutvalet løyver til saman 6,075 millionar i tilskot frå ordninga «Berekraftig byutvikling i Ålesund, Molde og Kristiansund i 2023». Utvalet var einstemmig.

Midlane er delt ut til sju tiltak, mellom anna:

  • 2.000.000 kroner til Ålesund kommune og tiltaket «Fornying av byromma Harald Torsviks plass, Korsatunnelen, St. Olavs Plass».
  • 500.000 kroner til Molde kommune og tiltaket «Utvikle sirkulære verdikjeder og nettverk i byggebransjen».
  • 375.000 kroner til Kristiansund kommune og tiltaket «Ombrukssentral for møbler og bygningsdeler – med Campus Kristiansund som case».

Den norske UNESCO-kommisjonen deler ut tilskott

Organisasjonar og offentlige institusjonar som jobbar med UNESCO-relaterte spørsmål kan søke om midlar. Minimumsbeløp er 20 000 kroner, og maksimumsbeløp er 300 000 kroner. UNESCO-kommisjonen prioriterer søknader innanfor blant anna berekraftig utvikling, immateriell kulturarv og verdsarv. Søknadsfrist er 31. januar 2024.