Statistikk - plansaker hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Vi har laga ein årleg statistikk over plan- og dispensasjonssaker, som Statsforvaltaren har behandla etter plan- og bygningslova. Du finn alle rapportane heilt tilbake til 2011 på denne sida.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Eigne data
Årsrapporten er basert på vår eigen statistikk med utgangspunkt i Statsforvaltarens rolle som høyringsinstans i kommunale plan- og dispensasjonssaker ført i saksbehandlingssystemet ephorte.
Ulike plantypar og tema
Statistikk og opplysningar i rapportane omfattar nærare presentasjon av ulike plantypar og plantema. Aktuelle utviklingstrekk og trendar blir kommentert i lys av samanlikningar med tidlegare års statistikk, både samla sett og korleis dette fordeler seg kommunevis.
Primært utarbeidd for internt bruk
Rapportane er i første rekke utarbeidd med tanke for intern informasjon og vidare bruk for saksbehandling og rapportering hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Men innhaldet vil også kunne vere aktuelt for kommunar og offentlege og private samarbeidspartar elles, samt andre med interesse for kommunalt plan- og utviklingsarbeid.