Statsforvaltaren sender gondolbanesaka i Sula til departementet

Statsforvaltaren rår til at departementet tar motsegn frå Statsforvaltaren til følgje.

Publisert 30.08.2024

I dag har Statsforvaltaren sendt motsegnsaka «Områderegulering for Sulafjellet – gondolbane» over til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.

Kommunen vil ha gondol

Sula kommune sitt planforslag legg til rette for å bygge ei gondolbane frå Devoldfabrikken i Langevåg sentrum til Sulafjellet. Kommunen ønsker å skape eit utvida, heilårleg fritidstilbod på Sulafjellet for folk i alle aldrar og meistringsnivå. Dei ønsker også å styrke Sula kommune som reisemål, auke verdiskapinga og styrke næringsgrunnlaget ved Devoldfabrikken, Langevåg og Sula kommune. Kommunen ønskjer å gjennomføre utbygginga med omsyn til natur- og bustadmiljø.

Fleire motsegn frå Statsforvaltaren

Statsforvaltaren sine motsegn er fleire. Dei påpeiker at planen ikkje tar omsyn til barn og unge sin bruk av friområde ved Mikalgarden og konsekvensar av gondol for denne bruken. Dei påpeiker også at barn og unge ikkje har fått medverke i planprosessen. Statsforvaltaren vurderer at tiltaket vil redusere verdien av Sulafjellet som eit svært viktig friluftsområde med særskilte kvalitetar knytt til urørt natur og som tettstadnært markaområde. Tiltaket vil gi nye varige element som gir alvorleg miljøskade for landskapet og store negative verknader for naturmangfaldet.

Endeleg avgjerd i departementet

Det blei mekla i saka den 14. juni 2024, men partane kom ikkje til einigheit.

Kommunestyret i Sula kommune vedtok områdereguleringa i slutten av juni. Statsforvaltaren fekk deretter saka, og i dag vart saka sendt til departementet for endeleg avgjerd.