Sivilombudsmannens rapport om dispensasjonspraksis i strandsona

Sivilombudsmannen undersøkte i perioden 2016 – 2019 tre kommunars handsaming av dispensasjonssaker i strandsona. Undersøkinga viste store manglar ved sakshandsaminga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.01.2021

Formålet med rapporten

Formålet med rapporten har vore å gje lokalpolitikarar, kommunetilsette, statsforvaltarar og andre forståing av dei rettslege krava til handsaming av dispensasjonssaker i strandsona. Vi oppmodar, som Sivilombodsmannen, alle lesarar om å gjere seg kjent med rapportens innhald.

Tiltaksforbod i strandsona

Utgangspunktet etter plan- og bygningslova er at all utbygging i strandsona er forbode. Tiltak kan likevel tillatast enten etter ein planprosess eller gjennom dispensasjon.

Dispensasjonsvurderinga

Lova oppstiller to rettslege vilkår som må oppfyllast for at dispensasjon kan bli gjeve. Vurderingane er utøving av rettsbruksskjønn (juss). Omsyn til det kommunale sjølvstyret og betraktningar om kva som burde vere lov er difor ikkje relevant.

Dersom vilkåra er oppfylte, kan kommunen gje dispensasjon. Sivilombodsmannen understrekar at kommunen alltid skal ta stilling til om dispensasjon skal gjevast, sjølv om lovvilkåra er oppfylte. I denne vurderingar har kommunen i større grad moglegheit til å vurdere omsyn som nemnt over. Samstundes må vurderinga vere sakleg og ikkje føre til lovstridig forskjellsbehandling.

Sivilombudsmannens funn

Strandsona er av nasjonal interesse, og det skal mykje til for at dispensasjonsvilkåra er oppfylte. Likevel viser undersøkinga at 85 % av dispensasjonssøknadane blei innvilga. Talet indikerer etter Sivilombodsmannens syn at kommunane i stor grad tillèt bygging i strandsona gjennom dispensasjon, heller enn etter planprosessar. Dette samsvarar ikkje med dispensasjonsføresegnas formål.

I tillegg viser undersøkinga at lovvilkåra ofte er mangelfullt vurdert. Mange vedtak er også grunngjevne med argument som har liten eller ingen rettsleg verdi. Vidare viste undersøkinga at lovfesta sakshandsamingskrav – som det å sende saka på høyring, å vektlegge nasjonale mål og rammer, og det å grunngje kvifor kommunen gjer vedtak i strid med statleg eller regionalt mynde sitt fråsegn – i liten grad blir følgd.