Opparbeidingsplikt og refusjonseining
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i vedtak av 6. mars 2020 vurdert forholdet mellom riktig refusjonseining og opparbeidingsplikta etter plan- og bygningslova kap. 18.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Forholdet mellom refusjonseininga og opparbeidingsplikt
Lovas utgangspunkt er at utbygging ikkje kan skje utan at mellom anna veg er opparbeidd, slik at nye bygg har tilstrekkeleg tilkomst. Grunneigaren har opparbeidingsplikt av veg så langt den er vist i plan, og fram til og langs den sida tomta har sin tilkomst. Departementet skriv at opparbeiding ikkje kan krevjast lenger enn til enden av eiga tomtegrense, og med den vegbreidda som er vist i plan.
Den som opparbeider infrastruktur (kreditor) etter pbl. § 18-1 kan krevje å fordele kostnadane med andre (debitor) som gjennom arbeidet får oppfylt si opparbeidingsplikt. Reglane sikrar refusjonskreditor mot å opparbeide meir enn nødvendig tilkomst, og refusjonsdebitor mot å bidra til opparbeiding av større tiltak enn dei sjølv ville vore forplikta til for si eiga tomt.
Eit klart skilje mot rekkefølgjekrav i plan
Departementet trekk eit tydeleg skilje mellom opparbeidingsplikta og rekkefølgjekrav i plan. Plana kan innehalde ei rekke rekkefølgjekrav som i praksis gjer at tomta må opparbeide mykje infrastruktur. Rekkefølgjekrav som går utover opparbeidingsplikta etter pbl. § 18-1 kan ikkje utvide refusjonsdebitor sine pliktar. Omgrepet byggeklart etter pbl. § 18-6 er knytt til pliktene etter pbl. § 18-1, og ikkje til rekkefølgjekrav i plan.