Plan for ny tilkomstveg til Innerdalen må behandlast på nytt

Utsnitt av plankart for området som viser vegtraseen som kommunestyret i Sunndal vedtok.
Utsnitt av plankart for området. Kart: Sunndal kommune

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal konkluderer med at detaljreguleringsplanen som skulle legge til rette for ny tilkomstveg i Nerdalen for turistar til Innerdalen i Sunndal kommune, er ugyldig.

Publisert 08.05.2026

Formålet med planen har vore å etablere ein ny veg for å leie straumen av fotturistar utanom eksisterande gardstun med aktiv gardsdrift i Nerdalen. Kommunen har utgreidd fleire alternative traseval, både med og utan tillaten driftskøyring med bil til mellom anna Innerdalshytta og Renndølsetra.

Klage frå grunneigar

Kommunestyret godkjente eit traseval som inneber at driftskøyring med bil framleis skal skje gjennom gardstunet på Austistua i Nerdalen. Grunneigaren har klaga på dette og har vist til mellom anna habilitetsmanglar, mangelfull utgreiing av saka og at planvedtaket fører til ei løysing med ulovleg trafikk gjennom tunet.

Det opphavelege forslaget frå kommunedirektøren var at også bilane skulle leiast utanom gardstunet, men dette forslaget fekk ikkje politisk fleirtal i kommunestyret.

– I klagerunden har vi konkludert med at varaordføraren var inhabil på grunn av rolla hennar i verneområdestyret for Trollheimen og Innerdalen. Ho fremma det alternative forslaget om at berre fotturistane skulle ut av tunet, og hadde ei aktiv rolle i handsaminga av saka og i val av alternativ, seier seniorrådgivar Therese Småland hos Statsforvaltaren.

Ugyldig planvedtak

Statsforvaltaren vurderer at sjølve plansaka er forsvarleg utgreidd, og at administrasjonen har vurdert fordelar og ulemper med dei ulike alternativa. Dei har grunngjeve kvifor dei meiner både fotturistar og biltrafikk skal leiast utanom gardstunet. Det er likevel opp til kommunestyret sitt skjønn å fastsetje arealbruken for planområde. Men grunngjevinga for valet kan ikkje være vilkårleg eller basert på feil opplysningar eller utanforliggande omsyn.

– Når kommunestyret ikkje gjekk for det opphavelege saksframlegget, men eit alternativt forslag, er grunngjevinga for dette mangelfull. Det er ikkje spor av interesseavveging av omsynet til grunneigar opp mot andre forhold i vedtaket. Det manglar ei synleggjering av kvifor omsyna til trafikk, landbruksdrift, gardstun og fast busetnad er vekta annleis av kommunestyret enn i den opphavlege innstillinga i saka, seier Therese Småland.

Når det er formelle saksbehandlingsfeil knytt til grunngjevinga av eit forvaltningsvedtak, skal det som regel lite til før vedtaket blir rekna som ugyldig.

– Planvedtaket tilfredsstiller ikkje krava til grunngjeving i forvaltningslova og plan- og bygningslova. At det alternative forslaget også vart fremma av ein inhabil politikar, styrkjer risikoen for at feilen kan ha verka inn på planvedtaket sitt innhald. Vedtaket må difor opphevast, avsluttar Småland.

Saka blir no sendt tilbake til kommunen for vidare oppfølging.