Planen for Mongstukvartalet følger lova
Naboane har klaga på kommunens plan for Mongstukvartalet i Sunndalsøra. Statsforvaltaren konkluderer med at kommunen har følgd lova.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Mongstukvartalet skal kombinere bustad-, forretnings- og kontorbygg. Det er Sunndal Næringseiendom AS som har tatt initiativ til reguleringsplanen.
Usamd i løysinga
– Sunndal kommune vedtok planen med ein parkeringskjellar som skal ha kapasitet til minst 69 parkeringsplassar. I tillegg er det regulert eit utandørs parkeringsareal. Tilkomsten blir frå Jonas Reins gate, forklarar fagleiar Andreas Welle Rusten hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Fleire naboar i området har klaga på planvedtaket. Dei er usamde i parkeringsløysinga, tilkomsten til planområdet og plasseringa av renovasjonspunktet.
Statsforvaltaren stadfestar kommunens planvedtak
– Kommunestyret skal kartlegge kva interesser og omsyn som gjer seg gjeldande i og ved planområdet når dei lagar kommunale arealplanar. Dei skal bruke sitt frie skjønn til å avgjere kva som er den mest hensiktsmessige og ønska arealbruken, og korleis dei ulike interesser skal vegast mot kvarandre, forklarar Welle Rusten.
Han seier at Sunndal kommune har følgd sakshandsamingsreglane som plan- og bygningslova set i saka om Mongstukvartalet.
– Kommunen har gjort greie for grunnlaget for den utbygginga som reguleringsplanen legg til rette for, kva verknadar reguleringsplanen vil gje, og kvifor dei ulike løysingane er valt. Statsforvaltaren har derfor stadfesta kommunen sitt planvedtak, seier Welle Rusten.