Ålesund kommune må behandle planen for tunnelltraseen Breivika - Lerstad på nytt
Planvedtaket til Ålesund kommune er gjort i strid med reglane i plan- og bygningslova. Derfor har Statsforvaltaren oppheva planvedtaket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ny E136 mellom Breivika og Lerstad
Ålesund kommunestyre vedtok i februar 2023 detaljreguleringsplan for endra tunneltrasé mellom Breivika og Lerstad. Kommunen hadde opphavleg planlagt for ein betongtunnel langs Lerstadvegen. I den nye reguleringsplanen blir tunnelen lagt noko lenger sør som ein tunnel gjennom fjellet.
Prosjektet er ein viktig del av bypakke Ålesund, og skal bidra til å fremje miljøvennleg transport. Den endra tunneltraseen er meint å redusere kostnadane for prosjektet.
Feil bruk av regelverket
– Klagesaka for Statsforvaltaren gjeld den delen av planen som regulerer areala over tunneltraseen, der det ligg eit bustadområde. I dette området har kommunen regulert ei omsynssone som slår fast at gjeldande reguleringsplan fortsett skal gjelde, seier Andreas Welle Rusten, fagleiar hjå Statsforvaltaren.
– Vi ser at reguleringsplanen er viktig for Ålesund kommune. Det er likevel slik at plan- og bygningslova § 12-6 andre avsnitt slår fast at det i ein detaljreguleringsplan ikkje kan fastsetjast omsynssone der gjeldande detaljregulering skal gjelde uendra. Vår oppgåve i klagesaka er mellom anna å sjå på kommunens bruk av rettsreglar. Når planen er vedtatt i strid med den nemnte føresegna kan vi ikkje gjere anna enn å oppheve planvedtaket og sende saka tilbake til kommunen for ny behandling, seier Rusten.