Statsforvaltaren stadfestar dispensasjonsvedtak i Sande kommune
Statsforvaltaren stadfestar Sande kommune sitt dispensasjonsvedtak om å tillate fritidsbustad på Goteneset.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fritidsbustad på Goteneset
Sande kommune har sidan 2015 handsama ei dispensasjonssak som gjeld oppføring av fritidsbustad m.m. på ei LNF-tomt på Goteneset. Kommunens vedtak har vore klaga på av ein nabo i det tilgrensande bustadfeltet. Statsforvaltaren har i fleire omgangar oppheva kommunens vedtak som følgje av feil ved sakshandsaminga.
Statsforvaltarens vurdering
Statsforvaltaren har vektlagt at kommunen har opna for utbygging til både bustad- og fritidsformål i det aktuelle området. Vidare kjem tiltaket ikkje i særskilt konflikt med verken landbruksinteresser eller andre interesser knytt til natur- og friluftsliv.
Vidare saksgang
Statsforvaltaren har med dette tatt endeleg stilling til dispensasjonsspørsmålet for bygging på LNF-tomta. Samstundes er vi kjent med at sjølve byggeløyvet også er klaga på til kommunen. Dette er ei klage som ikkje har vore del av klagehandsaming Statsforvaltaren no har gjort.