Informasjonsmøte om naudnett

Hausten 2017 held DSB informasjonsmøte for potensielle nye brukarar i naudnett i ein rekke fylker. I Møre og Romsdal vart møtet gjennomført den 27. september 2017 i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.10.2017

Bakgrunnen for møta er at Stortinget har bestemt at også beredskapsaktørar utanfor naudetatane skal få moglegheit til å kommunisere i nødnettet. Dei viktigaste samvirkeaktørane til naudetatane, eigarar av kritisk infrastruktur eller kritiske samfunnsfunksjonar er dei neste som får moglegheita til å nytte seg av naudnett.  

Presentasjonane frå møtet finn du her : http://nodnett.no/presentasjon_more_og_romsdal

Som det kom fram i møtet, håper DSB fleire organisasjonar ynske å ta i bruk naudnett. Frist for tilbakemelding i denne runden er 27. november.

Fyll ut søknadsskjema på www.nodnett.no/BLI-KUNDE/Soknadsskjema/, så kontaktar DSB deg.

I søknadsprosessen vil det gjerast ei evaluering om din organisasjon tilfredsstille krava til å bli brukar av naudnett.

Om du har spørsmål om naudnett, kan du ta kontakt med Lars Otto Laukvik i DSB på: 
Lars-Otto.Laukvik@dsb.no