Vi må tilpasse oss vêret!

Vêret er tema i mange samtalar: «Denne vinteren er rar! Var det ikkje meir snø før? Vi har hatt «haustvêr» frå september til april!».

Publisert 21.04.2025

Kronikk av statsforvaltar Else-May Botten og seniorrådgivar Renate Frøyen  

Stadige farevarsel om flaum og skred er blitt den nye normalen. Regnet styrtar ned. Vi får kjellarar fulle av vatn. Gangstiar vert øydelagt. Skred går på heilt nye stader.

Kva er det som skjer?

Årets milde vinter vil mest sannsynleg bli den nye normalen i framtida, ikkje unntaket. Klimaendringane gir mildare vêr og meir nedbør.

Sidan 2013 har vi i Noreg hatt eit mål om å førebu samfunnet til nye tider og tilpasse det til klimaendringane. Målet er å hindre eller redusere skadane endringane fører med seg. Vi har alle eit ansvar her: Enkeltindivid, næring og offentlege myndigheiter. Den som har ansvaret for oppgåva eller funksjonen som vert råka, må ta affære.

Kommunane i førarsetet

I samarbeid med kommunane skal Statsforvaltaren bidra til at statlege føringar for klimatilpassing vert tilstrekkeleg vareteke i regionen. Kommunane står i førstelina i møte med klimaendringane, og har ei nøkkelrolle i arbeidet. Gjennom planane sine skal kommunane forvalte og utvikle areala på ein måte som toler eit endra klima. Feil plassering av bygg og vegar kan få fatale konsekvensar.

Naturen har dei beste løysingane

Det er ikkje tekniske løysingar, betre røyr, betonginstallasjonar og skred- og flaumvollar, som skal sikre oss mot klimaendringane i tida som kjem. Vi skal ha naturbaserte løysingar som ser natur og klimatilpassing i samanheng.

Eit godt døme er naturlege bekkeløp med vegetasjonen rundt, framfor å legge vatnet i røyr. Rotsystema langsmed bekken både sug til seg vatn og held jorda på plass. Slike løysingar kan gje positive tilleggseffektar som betre luft, auka naturmangfald og helsegevinst.

I tettstadar og byar kan vi etablere regnbed eller parkområde, kanalar og dammar.

Sjå natur og klima i samanheng

Artar opplev endring i livsvilkåra på grunn av klimaendringane. For at dei skal tole endringane er dei avhengig av god tilstand i økosystema. Dei treng store, samanhengande naturområde for å kunne flytte seg. Skal vi gje naturen best føresetnad for å tilpasse seg klimaendringane, må vi sikre naturmangfaldet og naturområda vi har att.

Førebygging og tilpassing gir tryggleik

Å tilpasse oss det nye klimaet er eit viktig tryggleikstiltak. Vi kan førebu oss på ekstremvêr, sjølv om vi ikkje kan hindre at det kjem.

Spesielt vert det viktig å sikre robuste kritiske samfunnsfunksjonar og infrastruktur, som veg, ferje, kraft og elektronisk kommunikasjon.

Beredskapen og evna til krisehandtering må vere dimensjonert til eit endra risikobilete. Klimarelaterte hendingar kan skje på nye stader, og på uvande tider av året.

Vi står sterkare om vi arbeider ilag for å førebygge og tilpasse oss det nye klimaet.