Midlertidig styrking av eksisterande behandlingstilbod innan psykisk helse- og rusarbeid

Søknadsfrist:
25. juni 2021
Målgruppe:
Barn, unge og vaksne med psykiske plager/rusproblema som har behov for hjelp
Ansvarlig:
Helse og sosialavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. april 2022

Regjeringa ønsker å styrke kommunen sine lågterskeltilbod og kapasitet til å møte dei akutte behova for psykososial oppfølging av personar som slit på bakgrunn av sosial isolasjon og andre belastningar knytt til pandemisituasjonen.

Publisert 21.05.2021

Derfor vert det no lyst ut eit midlertidig tilskot til styrking av eksisterande behandlingstilbod innan psykisk helse- og rusarbeid.

Vi lyser ut tilskotet med atterhald om bevillingsvedtak i stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett.

Mål for ordninga:

Føremålet med tilskotet er ei midlertidig styrking av, og å auke tilgangen til dei eksisterande kommunale lågterskel behandlingstilboda innan psykisk helse og rusarbeid som følgje av koronapandemien.

Målgruppa er barn, unge og vaksne med psykiske plager/rusproblem som har behov for hjelp.

Kven kan søke på tilskotet:

Kommunar kan søkje midlar åleine eller saman med andre kommunar, med spesialisthelsetenesta eller andre aktørar.

Kommunen som søker er administrativt og økonomisk ansvarleg, og vil få utbetalt tilskotet.

Søknad:

Det er ikkje eige skjema for tilskotsordninga. Søknaden skal være kortfatta og gi ein poengtert omtale korleis kommunen vil styrkje tilbodet sitt når ein ser det opp i mot tildelingskriteria og rapporteringspunkta.

  • Mål for bruk av tilskotet
  • Omtale av tiltaket det søkes tilskot til
  • Budsjett (skal kunne samanliknast på same nivå med rekneskap dersom rekneskap krevst)
  • Merke søknaden med org.nr og kontonummer for utbetaling

Søknaden skal underteiknast av kommunedirektør/rådmann eller den som har signeringsfullmakt og sendas til Statsforvalteren i Møre og Romsdal: sfmrpost@statsforvalteren.no

Tildelingskriteria:

Skjønnsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåing.

Tilskot gis til:

Styrkinga må ta utgangspunkt i dei lokale forholda og behova. Lågterskeltilbod bør styrkes for å kunne gi rask hjelp til dei som har eller har hatt det spesielt vanskeleg i tida med pandemi.

Eksempler på aktuelle tiltak kan være:

  • Auka bemanning
  • Utvida opningstid, «open dør» eller fleksibel tilgjengelegheit
  • Styrking av førebyggande tiltak og tidleg innsats
  • Oppsøkande arbeid/ambulerande tilbod
  • Samhandling mellom faggrupper og tenestenivå, tenester og aktører
  • Samhandlingsløysingar med spesialisthelsetenestene

Tilskotet kan og nyttas til kompetanseheving innan psykososial beredskapsarbeid, førebyggande tiltak og tidleg innsats.

For meir informasjon og rapproteringkrav sjå Helesdirektoratet sine heimesider - lenke i høgremenyen

Søknadsfrist:
25. juni 2021
Målgruppe:
Barn, unge og vaksne med psykiske plager/rusproblema som har behov for hjelp
Ansvarlig:
Helse og sosialavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. april 2022