Søk om tilskot til naturrestaurering

Søknadsfrist:
5. april 2024
Målgruppe:
Kommunar, organisasjonar og private tiltakshavare
Ansvarlig:
Solveig Silset Berg og Pernille Stordal Rønning
Hvem kan søke:
Kommunar, organisasjonar og private tiltakshavare

Tilskotsordninga er ny av året og tiltaka skal bidra til å restaurere forringa natur, slik at den økologiske tilstanden blir betre.

Publisert 28.02.2024

Norge har som mål om å oppskalere restaureringsarbeidet, og denne nye tilskotsordninga er ein del av satsinga for å auke omfanget av naturrestaurering.

Tiltak som kan få midlar er:

  • Planlegge naturrestaureringstiltak
  • Gjennomføre naturrestaureringstiltak
  • Oppfølging av naturrestaureringstiltak
  • Tiltak som samtidig bidreg til klimatilpassing eller til å sikre karbonlager

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot sendast Miljødirektoratet sitt søknadssenter. Søknadssummen for eit restaureringstiltak må vere på minimum kr. 100 000,-. Søknaden må innehalde prosjektbeskriving og budsjett. Om tiltaket er fleirårig, skal dette stå i prosjektbeskrivinga. Tiltaksområdet for søknaden skal stadfestast i kart.

Søknadsfrist:
5. april 2024
Målgruppe:
Kommunar, organisasjonar og private tiltakshavare
Ansvarlig:
Solveig Silset Berg og Pernille Stordal Rønning
Hvem kan søke:
Kommunar, organisasjonar og private tiltakshavare