Tilskot til sosiale tenester i NAV
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2026
- Målgruppe:
- Nav-kontora i Møre og Romsdal
- Ansvarleg etat:
- Marianne Stensvold
- Kven kan søke:
- Berre Nav-kontor/kommunar som har motteke midlar i 2025 kan søke om midlar for 2026.
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2027
Arbeids- og velferdsdirektoratet har lyst ut midlar for 2026. Det er ikkje er midlar til å sette i gong nye prosjekt i 2026, det er berre midlar til å vidareføre allereie pågåande prosjekt.
Kven kan søkje om tilskot?
Det er berre Nav-kontor/kommunar som har motteke midlar i 2025 som kan søke om midlar for 2026. Det kan søkast om midlar til vidareføring av pågåande prosjekt. Det visast til budsjettforliket og Stortingets budsjettvedtak for 2026 der midlar til tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontoret er redusert.
Kva er formålet med tilskotsordninga?
Formålet er å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene og tiltaka i kommunane etter sosialtenestelova.
Sosialtenestelova har som formål å betre levekåra for dei vanskelegstilte, og skal
- bidra til sosial og økonomisk tryggleik slik at den enkelte får høve til å leve og bu sjølvstendig, fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
- bidra til at utsette barn og unge og deira familiar får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
- bidra til likeverd, likestilling og førebyggje sosiale problem.
Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer, skal kommunen sine innbyggjarar oppleve økt kvalitet i tenestene og ei betring av levekåra.
Det overordna målet med tilskotsordninga er å skape eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa brukarane sine behov.
Det gis ikkje tilskot til søknadar som bere beskriv kapasitetsauke i tenesta.
Målgruppe for tiltaka
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å komme i ein vanskeleg livssituasjon.
Kor stort er tilskotet?
Det kan søkast om opptil 750.000 kroner per 100 % stilling.
Frist for å søkje tilskot
Søknadsfristen er 1. februar 2026.
Rapportering
Frist for status- og regnskapsrapportering er 1. februar 2027.
Tidsperiode for tilskot
Tilskot gis primært for eitt år frå oppstartsdato, men det kan gis inntil 36 månadar til samme tiltak.
Søknaden
Arbeids- og velferdsdirektoratet tilbyr ein skreddersydd søknadsstøtte som kan bidra til at Nav-kontor både utformar gode søknadar, og får eit solid grunnlag for utviklingsarbeidet – både ved oppstart og underveis i tilskotsperioden.
Søknadsstøtten er tilgjengeleg både på tilskotets side på Navet og i Mural. Det er satt opp eige introduksjonskurs i Mural for tilskotsordninga den 7. januar 2026 klokka 13-14.30.
Meld deg på her: Muralkurs - Grunnleggende bruk for tilskudd til utvikling av de sosiale tjenestene (Delta).
Utlysingstekst, reglane for tilskotsordninga og søknadsskjema finn du i høgremenyen.
Ta kontakt med statsforvaltaren dersom du har spørsmål til søknaden eller treng veiledning. Signert søknad skal sendast til statsforvalteren for behandling.
Søknad kan sendast elektronisk til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal på organisasjonsnummer 974 764 067.
Eventuelt kan ein sende søknadar per e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no.
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2026
- Målgruppe:
- Nav-kontora i Møre og Romsdal
- Ansvarleg etat:
- Marianne Stensvold
- Kven kan søke:
- Berre Nav-kontor/kommunar som har motteke midlar i 2025 kan søke om midlar for 2026.
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2027