Webinarserie om bustad og tenester

Dato:
17. februar 2022 13:00 - 14:30
Sted:
Teams
Arrangør:
NAPHA, Husbanken, Bergen kommune og statsforvalterne i Vestland , Rogaland og Nordland
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunane, deltakarar, pårørande og andre som er interessert i å lære meir om Housing First
Illustrasjon.
Illustrasjon. Foto: Husbanken.

Housing First er ein modell for varig busetting av personar med utfordringar med rus eller psykisk helse. Modellen byggjer på at tilgang til bustad er ein grunnleggande menneskerett og at deltakarar skal kunne ta eigne val av bustad og oppfølging.

Publisert 11.01.2022

Gratis tilbod om webinar med opplæring i metoden

Det er planlagt i alt åtte webinar frå september 2021 til juni 2022. Alle webinara er frittståande og gratis. Det er ikkje krav om førehandskunnskap for å delta.

Det tredje webinaret blir arrangert 17. februar 2022, informasjon om komande webinar vil bli publisert fortløpande.

Påmeldingsskjema og program finn du på nettsidene til Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid.

Lenke til webinaret blir sendt ut dagen før.

Påmeldingsfrist: 14. februar 2022

Målsetting i metoden

Housing First er ein metode for å tilby stabile, gode bustadar og tenester til personar med utfordringar med rus og/eller psykisk liding, der det blir lagt stor vekt på deltakarens ønskje og val.

Målgruppe

Leiarar, fagpersonar og politikarar i kommunane, deltakarar i Housing First, pårørande til deltakarar, studentar og andre som er interessert i å lære meir om Housing First.

Engasjert inspirator og coach med på laget

Den nederlandske sosialarbeidaren og coachen Rokus Loopik vil delta på alle webinara. Loopik er kjent for å inspirere og engasjere, og han vil utfordre oss på vår måte å sjå brukarar på.

Prinsippa for Housing First er tema for webinarserien:

  • Bustad er ein menneskerett
  • Respekt og varme i møte med deltakarne
  • Sjølvstendige leiligheiter spreidd i vanlege bumiljø
  • Skilje mellom bustad og tenester
  • Deltakarstyring
  • Forplikting til å yte tenester så lenge det er naudsynt
  • «Recovery»-orientering
  • Skadereduksjon

Du finn meir informasjon og metodehandbok for nedlasting på veiviseren.no.

 

Dato:
17. februar 2022 13:00 - 14:30
Sted:
Teams
Arrangør:
NAPHA, Husbanken, Bergen kommune og statsforvalterne i Vestland , Rogaland og Nordland
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunane, deltakarar, pårørande og andre som er interessert i å lære meir om Housing First