Naturtypekartlegging i Bodø og Gildeskål kommunar 2014
Fylkesmannen i Nordland ønskjer å informere grunneigarar og andre interesserte om at det blir gjennomført naturtyperkartlegging i Bodø og Gildeskål kommunar i 2014.
I samråd med Bodø og Gildeskål kommunar skal Fylkesmannen i Nordland gjennomføre kvalitetssikring og nyregistrering av verdifulle naturtypar i dei to kommunane. Dette er ei oppfølgjing av nasjonalt program for kartlegging og overvåking av biologisk mangfold. Målet med det nasjonale programmet er at verdifulle naturtypelokalitetar skal kartleggast innanfor dei areala som er utsett for størst arealpress.
Naturtypekartlegginga har som mål å avgrense, verdisette og skildre lokalitetar i samsvar med retningslinjene i Miljødirektoratet si handbok "DN-håndbok 13", samt nye faktaark som skal oppdatere denne handboka. Resultatet frå kartlegginga skal leggast i Naturbase og vere kunnskapsgrunnlaget i arealforvaltinga.
Kartleggingsarbeidet skal utførast av firmaet Miljøfaglig Utredning AS. Kartlegginga vil omfatte ein god del feltarbeid som sannsynlegvis vil utførast i tidsperioden juli-september, med hovudvekt på siste halvdel av juli.