Lokal høyring av to forvaltingsplanar for naturreservat

Høringsfrist:
5. november 2013 23:30

Vi har sendt ut to forvaltingsplanar på lokal høyring. Den eine er for naturreservata Hagavågen, Strandnesvågen og Grannesbukta i Sola kommune. Den andre er for Bjårvatnet naturreservat i Hå kommune.

Publisert 26.09.2013 av Administrator

Innspel på planane kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, og frist for innspel er 5. november 2013 for naturreservata Hagavågen, Strandnesvågen og Grannesbukta, og 6. november 2013 for Bjårvatnet naturreservat.

Alle dei aktuelle naturreservata er Ramsar-område. Ramsar-konvensjonen er ein internasjonal avtale for å ivareta våtmarksområde. Det inneber at våtmarkssystema er utpeika som internasjonalt viktige med tanke på vassmiljø, fugle- og planteliv.

Bjårvatnet naturreservat i Hå kommune.

Forvaltingsplanane skal vera praktiske hjelpemiddel for å ivareta og fremja verneformålet. Det er eit mål at forvaltninga av områda skal vera fleksibel og tilpassa lokale tilhøve, samstundes som ho er i tråd med verneforskrifta. Planen er tufta på verneforskrifta og skal vera i samsvar med verneformålet. Ein forvaltingsplan skal sikra lik forvalting i heile verneområdet, og gir føringar for bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging. Forvaltingsplanen er ikkje juridisk bindande som verneforskrifta og kan reviderast ved behov.

Planane som no er sendt på høyring har vore til fagleg gjennomgang i Miljødirektoratet og er justert etter deira merknader. Etter høyringsfristen vil Fylkesmannen oppsummera eventuelle merknader til planen og gi vår tilråding til Miljødirektoratet som vil stå for endeleg godkjenning.

Kontaktpersonar: 
Torborg Berge (Hagavågen, Grannesbukta og Strandnesvågen)
Ørjan Simonsen (Bjårvatnet)