Høyring av tiltaksplan for Galeivågen

Høringsfrist:
15. februar 2014 23:30

Eigedomen til tidlegare Brødrene Bjørnevik AS i Galeivågen, Stavanger kommune, er forureina av organiske og uorganiske miljøgifter.

Publisert 10.12.2013 av Administrator

Etter pålegg frå Fylkesmannen har Multiconsult AS på vegne av Hundvåg Slipp & Mekaniske AS utarbeida plan med forslag til tiltak for å rydda opp i forureininga på land. Fylkesmannen ber mottakarane av høyringsbrevet om å gi uttale til tiltaksplanen.

Høyringsbrev, tiltaksplanen og relevante dokument er publisert i dokumentlenka i høgremenyen.

Fylkesmannen ber om tilbakemeldinger innan 15. februar 2014. Uttaler kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no.

Høringsfrist:
15. februar 2014 23:30