Søknad om løyve frå Maritime Waste Management AS

Høringsfrist:
16. mars 2016

Maritime Waste Management AS har søkt om løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall frå offshore- og landbasert industri på gnr. 31 bnr. 21 og 143, NorSea-base i Dusavik, Stavanger kommune.

Publisert 16.02.2016

Det er søkt om løyve til innandørs lagring av farleg avfall som stykkgods og i lukka og tette transporteiningar (containerar og mobile tankar). Omsøkt samla lagringsramme er 600 tonn.

Sjå søknad og høyring i dokumentlenkene i høgremargen.

Evenetulle merknader kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker.