Søknad om mellombels utslepp av anleggsvatn ved Arsvågen i Bokn kommune

Høringsfrist:
18. desember 2017

Statens vegvesen Region vest søker om løyve til etablering av to utsleppspunkt og mellombels utslepp av anleggsvatn ved Arsvågen i Bokn kommune.

Publisert 21.11.2017

Søknaden gjelder mellombels utslepp av anleggsvatn frå tunneldriving av en sideløpstunnel til Boknafjordtunnelen (Rogfast entreprise E13). Samtidig ynskjer Statens vegvesen Region vest å etablere to utsleppspunkt, eit til Rogfast E13 sør for Solholmen/eksisterande molo ved Arsvågen, og eit søraust for Lauplandsholmen til Rogfast E04.

Søknaden omfattar utslepp av 24 l/s anleggsvatn frå tunneldriving, og parametrane nitrogen, høg pH, tungmetall, suspendert stoff og organiske forbindelsar er rekna for å vere dei viktigaste når det gjeld forureining. Utsleppspunkta er i nærleiken av skjelsand, tareskog, oppdrettsanlegg og låssetjingsplass. Det er og i nærleiken av fiskeplassar for hummar, fisk og reke.

Merknader til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.

Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i høgremargen.