Søknad om utfylling i sjø i Smedasundet

Høringsfrist:
4. mars 2017

Odd Hansen Prosjekt AS søker om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomane 35/78 og 82 Smedasundet i Haugesund kommune.

Publisert 20.02.2017

I samband med bustadprosjekt og etablering av gangveg er det søkt om utfylling av ca. 9 200 m3 stedeigne sprengsteinsmassar i sjø. Det er truleg forurening i botnsedimenta, og søkar foreslår som avbøtande tiltak å dekke sjøbotnen med ein tett duk og overliggande pukkmassar før vidare utfylling.

Tiltaksområdet ligg innanfor eit lokalt viktig gytefelt for torsk, og det er registrert større tareskogførekomstar av høg verdi. Fylkesmannen vil i eit eventuelt løyve m.a. sette vilkår om internkontroll og støykontroll.

Søknadsdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i høgremargen.