Søknad om utfylling i sjø ved Eidsbotn i Karmøy

Høringsfrist:
6. mai 2016

Karmsund Maritime Eide AS søkjer om utfylling i sjø ved eiendommen 68/14 Eidsbotn i Karmøy kommune. Frist for å uttale seg om søknaden er 4 veker.

Publisert 04.04.2016

Fylkesmannen har mottatt søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø. Tiltaket skal utførast i samband med pålegg om opprydding i forureina grunn på land, sjå vedlegg i høgremargen.

Føremålet med utfyllinga er å gje det nedlagde slippområdet på eigedomen ein meir heilskapleg og hensiktsmessig utforming. Undersøkingar både på land og i sjø har vist at areala tilknytta eigedomen er forureina med miljøgifter som bl.a. tributyltinn (TBT), oljeforbindelsar (alifatar >C12-C35), polyklorerte bifenyler (PCB), polysykliske aromatiske hydrokarboner (PAH-forbindelsar) og tungmetaller.

For å hindra spreiing av forureina sediment planlegg søkjar å benytta fiberduk under utfyllingsarbeida. I eit eventuelt løyve kan det m.a. bli aktuelt å stilla ytterlegare krav til avbøtande tiltak for å hindra partikkelspreiing. Det vil bli satt krav til internkontroll, støykontroll og avfallshåndtering.

Uttalar til det omsøkte tiltaket kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er satt til 4 veker.