Søknad utfylling og mudring i sjø ved Osen i Ølen

Høringsfrist:
5. mai 2016

Omega Areal AS søkjer på vegne av Mittdistrikt Invest AS om løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling i sjø ved gnr./bnr. 281/271 Ølen i Vindafjord kommune.

Publisert 05.04.2016

Det blir søkt om å fylle ut om lag 1 650 m3 sprengsteinsmassar, samt mudring av om lag 920 m3 massar under og framfor planlagt kaifront. Tiltaket vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 1 215 m2.

Føremålet er å utarbeide ein tiltalande kaifront med tilhøyrande turveg langs sjøen. Tiltaksområdet er ein del av eit brakkvassdelta registrert som ein viktig naturtype.

Eventuelle merknadar til søknaden sendes Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker. Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.