Kurs i offentleg helsearbeid

Dato:
25. april 2019 08:30 - 26. april 2019 16:15
Sted:
Scandic Stavanger City
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar.

Vel møtt til fagleg og sosial samling for LIS1, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta i Rogaland.

Publisert 08.03.2019

Kurset startar torsdag 25 april. Det blir tatt opp tema som er relevante i dykkar praksis ute i kommunane og som dekker læringsmål for LIS1. Sjå programmet for detaljar.

Kursdagen 25. april er berre for LIS1 legar. Fredag 26. april er for LIS1 legar, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar.

Reiseutgifter og overnatting:

Deltakarar som er med på samlinga får dekt reiseutgifter. Send reiserekning og kvitteringar til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger. Du kan bruke:

Reiserekning frå nettsidene til Direktoratet for økonomistyring (DFØ).

Me dekker overnatting på hotell Scandic Stavanger City for dei turnuslegane med lang reiseveg. Me har reservert hotellrom, så marker om du treng overnatting når du melder deg på. Dersom ein må starta reisen før kl. 06.00 om morgonen 25. april så kan ein få dekka overnatting 24-25 april. Send e-post til fmrofho@fylkesmannen.no dersom det er behov for dette.

Dato:
25. april 2019 08:30 - 26. april 2019 16:15
Sted:
Scandic Stavanger City
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar.

Dokumenter