Fagdag om fagfornyinga
- Dato:
- 19. november 2019 10:00 - 15:00
- Sted:
- Stavanger Forum
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Målgruppe:
- Grunnskolar, skoleleiarar, PPT og tilsette ved UiS og HVL med oppgåver knytt til desentralisert ordning for kompetanseutvikling
Samarbeidsforum for desentralisert kompetanseutvikling inviterer alle skolane til fagdag den 19. november 2019 i Stavanger Forum.
Mål for fagdagen
Mål for fagdagen er å bidra til meir kunnskap, entusiasme og motivasjon til arbeidet med fagfornyinga.
Fagdagen er for
- Grunnskolane i Rogaland (Inntil 4 frå kvar skole. Rektor, tillitsvald og elevrepresentant må vere representerte på fagdagen)
- Skolesjef m stab (Inntil 3 deltakarar frå kvar kommune)
- PPT (Inntil 2 deltakarar pr verksemd)
- UIS og HVL (Tilsette med oppgåver knytt til desentralisert ordning for kompetanseutvikling)
Praktiske opplysningar
Tid: Tysdag 19.november 2019 Kl 10.00 -15.00
Stad: Stavanger Forum, Gunnar Warebergsgt. 13, 4021 STAVANGER
Pris: Fagdagen er gratis
Program
Konferansier er John Gunnar Skien
Om forelesarane
Ida Large, Utdanningsdirektoratet, Avdeling for rammeplan i barnehage og læreplan i skole. Hun er sentral i arbeidet med fagfornyinga og vurderingsforskrifta.
Beate Tislevoll, Utdanningsdirektoratet, Avdeling for barnehage og skoleutvikling. Hun arbeider med skoleutvikling og fagfornyinga.
Jo Røislien, professor ved Universitetet i Stavanger, foredragshaldar, forfattar og programleiar.
Før fagdagen
Deltakarane frå kvar skole bør setje seg saman for å diskutere arbeidet med fagfornyinga på eigen skole. Kor langt er vi komne, kva manglar vi og korleis engasjere elevane i arbeidet?
Les meir om fagfornyinga på nettstaden til Utdanningsdirektoratet
Påmelding
Samla påmelding frå kvar skole/verksemd på skjema nedanfor innan 31. oktober
Ein treng ikkje oppgi navn på deltakarane, men merk av kva rolle dei har.
Avbod må meldast til margot.bergesen@fylkesmannen.no
- Dato:
- 19. november 2019 10:00 - 15:00
- Sted:
- Stavanger Forum
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Målgruppe:
- Grunnskolar, skoleleiarar, PPT og tilsette ved UiS og HVL med oppgåver knytt til desentralisert ordning for kompetanseutvikling
Kontaktpersoner
Lenker
Dokumenter
Samarbeidsforum
Samarbeidsforum for desentralisert kompetanseutvikling i Rogaland består av representantar frå
- Utdanningsregionane NORD, MIDT og SØR
- Fylkeskommunen
- Friskolane
- Universitetet i Stavanger
- Høgskolen på Vestlandet
- Utdanningsforbundet
- Elevorganisasjonen
- KS
- Fylkesmannen