Informasjonsmøte for folkevalde på Haugalandet

Dato:
11. mars 2020 09:00 - 15:00
Sted:
Scandic Maritim, Haugesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde på Haugalandet (Haugesund,Karmøy, Utsira, Tysvær,Bokn, Vindafjord)

Fylkesmannen i Rogaland ynskjer å invitera til tverrfaglege regionale informasjonsmøte våren 2020 for å leggja til rette for tidleg dialog og eit godt samarbeid med kommunane. NB! Møtet går som planlagt.

Publisert 03.10.2019

Oppdatert 10. mars 2020 kl. 15.30: Det har kome nokre spørsmål om møtet, i lys av koronautbrotet. Det gjer det. Fylkesmannen i Rogaland vurderer alle møte og konferansar som me arrangerer nå, og me rettar oss etter tilrådingane frå Folkehelseinstituttet og dei lokale helsestyresmaktene. Det er 80 påmelde til dette møtet. Det er innanfor grensa på 100 personar som kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Sveio og Bokn har sett i dag. 

---------

Fylkesmannen er kontroll- og tilsynsmynde på fleire område som kommunane forvaltar. Vi skal i den samanheng sørgja for rettstryggleiken til den einskilde innbyggjar, verksemd og organisasjon ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som m.a. likebehandling, likeverd, sjølvstende og habilitet vert sikra i forvaltninga.  

Viktige oppgåver for Fylkesmannen er å gje kommunane råd og rettleiing. Fylkesmannen skal også vera eit bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjar. Som eit ledd i dette er det viktig å ivareta kontakten med kommunane i det daglege, både på overordna- og på sakshandsamarnivå.  

Føremålet med våre regionale samlingar er å gje både nye og meir erfarne folkevalde relevant informasjon om Fylkesmannen si saksbehandling på fagområde kommunane har ansvar for. Tilsette i administrasjonen er også velkomne til å møta.  

Praktisk informasjon: 

Det blir servert lunsj. Bruk skjema for påmelding under og hugs å gi beskjed om allergiar e.l.

Pris for deltaking er kr 550,-

Frist for påmelding er 31.01.2020.

 

Dato:
11. mars 2020 09:00 - 15:00
Sted:
Scandic Maritim, Haugesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde på Haugalandet (Haugesund,Karmøy, Utsira, Tysvær,Bokn, Vindafjord)