Fattigdomsområdet

Å vidareutvikle arbeidet på fattigdomsområdet og sikre god forvaltning av lov om sosiale tenester i NAV er hovudoppgåva for det kommunale tenesteområdet i NAV i 2013. Fylkesmannen har fått i oppdrag å hjelpe kommunane med dette.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.02.2013

Føremålet med lov om sosiale tenester i NAV er å betre levekåra for vanskelegstilte, bidra til økonomisk tryggleik og fremje overgang til arbeid. Kommunen har ansvar for å gje nødvendig opplæring til alle tilsette ved NAV-kontoret som yter tenester og utfører oppgåver etter lova, uavhengig om dei er statleg eller kommunalt tilsette. Det går fram av kommunebrevet som Arbeids- og velferdsdirektoratet har sendt alle kommunane i landet. I årets embetsoppdrag har fylkesmennene fått i oppgåve å bidra til at kommunane tek hand om opplæringsansvaret på ein god måte.

Nasjonale mål

Det årlege kommunebrevet informerer om nasjonale mål, regjeringa sine satsingsområde og tilskotsmidlar innanfor sosiale tenester. Dei nasjonale satsingane i år er ei vidareføring av handlingsplanen mot fattigdom, som har tre delmål:

Å gje alle moglegheit til å koma i arbeid
Å gje alle barn og unge moglegheit til å delta og utvikle seg
Å betre levekåra for dei vanskelagst stilte
Den viktigaste årsaka til fattigdom er fråvær av inntekt. Arbeid er derfor både eit sentralt mål og eit verkemiddel i kampen mot fattigdom. Kommunen sin innsats gjennom partnarskapen i NAV og gjennom samarbeid med andre aktørar er ein føresetnad for å lykkast med å hjelpe vanskelegstilte. Kvalifiseringsprogrammet er framleis eit av dei viktigaste tiltaka for denne målgruppa.

Barn og unge

Regjeringa ynskjer at utsette barn og unge og familiane deira skal få meir og betre samordna bistand frå hjelpeapparatet og har avsett 25 millionar kroner til kompetanse- og utviklingstiltak for dette i 2013. Kommunebrevet understrekar kommunen sitt særlege ansvar for å oppdage og hindre at barn lever i fattigdom og for å samordne tiltak retta mot barn og unge.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.